Inaktiv

Vernepleiar og sjukepleiar til fast stilling på natt

Arbeidsgiver
Divisjon psykisk helsevern/ Psykiatrisk klinikk /Avdeling stemningslidingar/ Sek
Stillingstittel
Vernepleiar og sjukepleiar til fast stilling på natt
Frist
08.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Psykiatrisk klinikk er ein eigen klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk har tre avdelingar på Sandviken; Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar (ASL) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) og tre avdelingar på Haukeland; Avdeling spiseforstyrringar, Avdeling alderspsykiatri og Avdeling psykosomatisk medisin.

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. 
Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar. Seksjon S6 er ein av dei to døgnseksjonane med tolv døgnplassar.

Vi har eit triveleg og kompetent arbeidsmiljø på S6 og søker etter ein sjukepleiar og ein vernepleiar, gjerne med vidareutdanning i psykisk helsearbeid/rus/Seprep til to faste 80% stilling pt på natt med arbeid kvar 3. helg. 

Tiltredelse etter nærare avtale. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke. 



Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging, medikamenthandtering og pasientadministrativt arbeid
  • Oppfølging og evaluering av sjukepleiefaglege og miljøterapeutiske tiltak, med eit fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
  • Ansvarsvakt
  • Kontakt med pårørande
  • Forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Ha norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan psykiatri eller rus/psykiatri er ønskeleg 
  • Ha engasjement og interesse for å arbeide med pasientgruppa
  • Det er ønskeleg med kunnskap om EPJ/DIPS. Helsepersonell med pasientkontakt (inkludert dokumentasjonsplikt) må meistre norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)

Personlege eigenskapar

  • Er tolmodig, fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst
  • Har evne til å handtere ulike følgelsesmessige reaksjonar hos pasientane, og møter dei med respekt
  • Har gode kommunikasjonseevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er opptatt av kvalitet og  liker varierte utfordringar
  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø, og er ein god teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb som gjev personleg utvikling
  • Eit godt, triveleg , engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Fagutvikling og opplæring i MAP
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 


Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Jan Legreid, Seksjonsleiar, 55958762

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4762890045

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 08.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
338613448
Sist endret
11. mars 2024 12:04