Sjukepleiar/ spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost A Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er DU vår nye kollega?

Ved Medisinsk sengepost A har vi ei 100 % og ei 80 % stilling ledig for sjukepleiar/spesialsjukepleiar.

Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Ver venleg å oppgi i søknaden kva for ei stilling du søkjer på. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.

Medisinsk sengepost A inneheld lungemedisinsk, gastromedisinsk og hematologisk seksjon. Sengeposten har 21 senger som inkluderer to medisinske palliative senger. Pasientgruppa i sengeposten er kompleks og som tilsett får ein brei medisinskfagleg kompetanse og god trening i å observere og behandle akutt og kronisk sjuke pasientar. Arbeidsoppgåvene er varierte med fokus på god og heilheitleg pasientbehandling. Vi er ein sengepost med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, med stort fokus på godt arbeidsmiljø og fagleg kompetanse. Som sjukepleiar/spesialsjukepleiar hos oss blir du ein del av ei positiv og fagleg engasjert sjukepleiargruppe.

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.

Sjekk vår instagramkonto @medisina.hmr for eit innblikk i vår arbeidskvardag!

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp og lagt ved søknaden.



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar
  • Sjukepleieadministrative oppgåver
  • Legemiddelhandtering
  • Sjukepleieprosedyrar
  • Kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Samhandling med kommunar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Spesialsjukepleiar i lunge, kreft eller palliasjon.
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant erfaring vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og har gode samarbeidsevner
  • Du arbeider både sjølvstendig og i team
  • Du er motivert til å utføre varierte arbeidsoppgåver
  • Du bidrar til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Du er fagleg engasjert
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er løysingsorientert
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Faglege utfordringar
  • Fagutvikling og kompetanseheving
  • Faste fagdagar i turnus
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 482 82250, Mathilde.Stranden@helse-mr.no

Arbeidssted

Molde sjukehus

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4757043561

Stillingsprosent: 100, 80%

Fast

Startdato: 01.05.2024

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Molde sjukehus, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
338366387
Sist endret
29. apr. 2024 07:12