Inaktiv

LEDIGE FERIEVIKARSTILLINGAR INNAN HELSE OG OMSORG SOMMAREN 2024

Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune Lundenjordet
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Frist
25.02.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Lyst på ein spannande og meiningsfylt sommarjobb? Som gjev deg verdfull arbeidserfaring i
tillegg til å nyte sommaren i vakre Kviteseid?




Hva vi ser etter

Studentar, skuleelevar, pensjonistar eller andre som ynskjer å jobbe for oss sommaren 2024.




Arbeidsoppgaver

Kviteseid kommune har behov for sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, helsesekretærar, studentar/elevar, assistentar, kokk og vaskeritilsett.

Me har behov for ferievikarar i perioden 17.06.24 -- 11.08.24 ved Kviteseid omsorgssenter, heimesjukepleia, heimehjelpstenesta, Midtsundtoppen dagsenter, Lundenjordet bufellesskap, legekontoret, kjøkenet og vaskeriet.


Det er ønskjeleg at søkjarar har fylt 18 år og kan jobbe i heile perioden. Ved Kviteseid omsorgssenter, Lundenjordet og i heimesjukepleia jobbar ein turnus og i snitt annankvar helg.


Vikarar i heimesjukepleia og heimehjelpstenesta må ha førarkort klasse B. Heimehjelpsvikarar må og disponere eigen bil.


Opplæring skjer fortrinnsvis før vikariatet startar. Grunnkurs i legemiddelhandtering for dei som har behov for det er 17.06.24.


Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar som jobbar innan relevante fagområde blir løna etter lokal avtale.


I søknaden må du oppgje kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må di prioritering koma fram i søknaden. Sei frå dersom det er dagar du eventuelt ikkje kan jobbe.


Spørsmål kan rettast til:


Lundenjordet bufellesskap: Einingsleiar Unni E. Øygarden, tlf. 90 25 16 83


Kviteseid omsorgssenter: Avdelingsleiar Helene Stensrud, tlf. 90 21 37 57


Heimetenestene (heimesjukepleia, heimehjelpstenesta og Midtsundtoppen dagsenter): Avdelingsleiar Monica Halvorsen, tlf. 90 92 03 15


Kjøken og vaskeri: Avdelingsleiar Kristian Verstod, tlf. 35 06 82 04


Kviteseid legekontor: Kommunalsjef Thormod Moi Felle, tlf. 92 33 66 94


Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.


Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.


Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.


Attestar og vitnemål må leggast ved den elektronisk søknaden.




Vi tilbyr

Me har behov for ferievikarar i perioden 17.06.24 -- 11.08.24 ved Kviteseid omsorgssenter, heimesjukepleia, heimehjelpstenesta, Midtsundtoppen dagsenter, Lundenjordet bufellesskap, legekontoret, kjøkenet og vaskeriet.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
338322408
Sist endret
31. jan. 2024 06:50