Professor/førsteamanuensis i kunstig intelligens og utdanning

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Professor/førsteamanuensis i kunstig intelligens og utdanning
Frist
03.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

UiB - Knowledge that shapes society

Through robust and close interaction with the world around us – globally, nationally and locally – we shall be instrumental in building a society based on knowledge, skills and attitudes.

Do you want to take part in shaping the future?


Professor/førsteamanuensis

Ved Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) er det ledig ei stilling som professor innan kunstig intelligens og utdanning.  Dersom det ikkje er tilstrekkeleg med kvalifiserte søkarar til eit professorat, kan det vere aktuelt å tilsette ein førsteamanuensis.

Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) ved Det psykologiske fakultet er eit læringsvitskapleg forskingssenter som driv tverrfagleg forsking på dei teknologiske, pedagogiske, kulturelle, etiske og juridiske aspekta ved læringsanalyse (LA) og kunstig intelligens i utdanning (AIED) og fremmer ansvarleg bruk av teknologi i utdanninga. Vi er eit dynamisk og inkluderande miljø på rundt 23 personar, inkludert lærarar, forskarar, adjunktar, postdoktorar, ph.d.-kandidatar og støttepersonell. Som eit tverrfagleg senter prøver vi å sjå forskingsutfordringar frå fleire perspektiv. Det blir forventa at alle tilsette bidrar til senteret sin suksess. Med denne stillinga vil vi styrke vår forsking knytt til kunstig intelligens og utdanning.


Arbeidsoppgåver/forskingsfelt:

Vi søker ein dynamisk, innovativ og lidenskapeleg forskar og pedagog med ekspertise innan kunstig intelligens og utdanning og ein sterk publikasjonsliste innan områder som språkmodellar i utdanning, adaptiv læring, kunstig/forsterka intelligens, hybrid KI-menneskeleg læring, implementering av KI/policy/personvern, KI-kompetanse, KI og undervisning, KI og vurdering og andre KI- og utdanningsrelaterte tema. Vår ideelle kandidat kan vise til omfattande erfaring med å drive banebrytande og innflytelsesrik forsking, utforme og/eller evaluere bruken av KI-baserte pedagogiske verktøy og bidra til utviklinga av pedagogisk praksis. Dette er ein unik moglegheit til å forme utdanning i framtida ved hjelp av kunstig intelligens og sette eit varig preg på feltet. Den som får stillinga, vil også bidra til å innhente ekstern finansiering og vere involvert i utviklinga av undervisningsportefølja vår.

Dersom du er visjonær innan kunstig intelligens og utdanning og er opptatt av å forandre måten vi underviser og lærer på, inviterer vi deg til å søkje på denne spennande stillinga. Bli med oss i vårt arbeid for å fremme innovasjon og framifrå utdanning ved hjelp av kunstig intelligens.

Ansvarsområde
Den tilsette vil vere eit fast medlem av SLATE sin vitskaplege stab, med dei rettigheiter og plikter som følger av dette, blant anna:

  • Bidra til vidareutvikling av det tverrfaglege forskingssenteret SLATE
  • Utvikle ny og delta i pågåande forsking ved SLATE
  • Samarbeide med lokale, nasjonale og internasjonale partnarar om forsking og prosjektutvikling
  • Jobbe aktivt for å skaffe eksterne forskings- og innovasjonsmidlar fra Norges forskningsråd, EU og andre moglege finansieringskjelder
  • Bidra til design, utvikling og undervising av SLATE si kursportefølje innan læringsvitskap, pedagogisk datavitskap, læringsanalyse, kunstig intelligens i utdanning, læringsspill, ansvarleg teknologi, data- og KI-kompetanse og andre relevante tema
  • Undervising og master/PhD-rettleiing
  • Delta i administrative oppgåver, møter og komitéarbeid 
  • Yte service til SLATE, UiB og fagområdet

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Doktorgrad innan eit relevant fagområde for stillinga, for eksempel læringsvitskap, kognitiv vitskap, psykologi, educational data science, kunstig intelligens, data-/informasjonsvitskap eller tilsvarande
  • Avansert og innflytelsesrik forsking innan det tverrfaglege området menneskesentrert kunstig intelligens i utdanninga (dvs. kunstig intelligens for å støtte menneskeleg læring, interaktive og adaptive læringsmiljø, policy- og personvernspørsmål for kunstig intelligens og utdanning osv.) er eit krav
  • Sterk publiseringserfaring innan kunstig intelligens og utdanning i høgt rangerte tidsskrifter er eit krav
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt til å samarbeide i tverrfaglege team
  • Sterkt internasjonalt nettverk er eit krav
  • Det er eit krav at du kan vise til gode resultat når det gjeld å sikre eksternt finansierte bevillingar
  • Gode resultat innan formidling og oppsøkande verksemd er ein føremon
  • Flytande engelsk i skrift og tale er eit krav
  • Grunnleggande undervisningstrening og erfaring med rettleiing av studentar på universitetsnivå er et krav for stillinga, sjå "Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB".
    • For stilling som professor: dette er eit krav som må være oppfylt på søknadstidspunktet.
    • For stilling som førsteamanuensis: søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg pedagogisk kompetanse på søknadstidspunktet, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tilsetting.
  • Undervisningsspråket vil normalt være norsk. Nytilsette som ikkje beherskar eit skandinavisk språk ved tilsetting, blir bedne om å kunne dokumentere ferdigheiter i norsk eller et annet skandinavisk språk innan tre år.

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Hvis dette blir aktuelt, vil UiB søke om eksportlisens. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast


Vi tilbyr:
  • Eit positivt og fagleg tilfredsstillande arbeidsmiljø (vunne pris for beste arbeidsmiljø i 2022) med eit ungt, engasjert og dynamisk team i utvikling.
  • Tilknyting til eit svært aktivt forskingssenter med ein mangfaldig aktivitetsprofil.
  • Lønn:
    • Professor: årslønn på kr 895 500 - 996 000 før skatt (stillingskode 1013) i statens lønnsregulativ. Høgare lønn kan vurderast for spesielt godt kvalifiserte søkjarar.
    • Om det ikkje er tilstrekkeleg kvalifiserte søkjarar til stillinga som professor, kan det vere aktuelt å tilsette i stilling som førsteamanuensis: årslønn kr 708 000 - 759 100 før skatt (stillingskode 1011) i statens lønnsregulativ. Ytterlegare lønnsauke vil avhenge av ansiennitet i stillinga. Høgare lønn kan vurderast for spesielt godt kvalifiserte søkjarar.
  • Innmelding i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdstilbod

Søknaden skal innehalde:
  • Følgebrev om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søke stillinga, inkludert eit avsnitt om korleis du oppfyller kvart av kvalifikasjonskriteria lista opp over
  • CV
  • Fullstendig liste over vitskaplege publikasjonar, inkludert kor dei er publisert
  • Liste over vitskaplege publikasjonar som skal vurderast i evalueringa, maks. 15
  • Kopier av dei vitskaplege publikasjonane som skal vurderast i evalueringa, maks. 15
  • Karakterutskrifter og vitnemål som viser fullført ph.d.-grad
  • Relevante attestar/sertifikat som bekreftar tidlegare jobbar (på skandinavisk eller engelsk)
  • Forskingsutgreiing som viser korleis forskinga di passar til stillinga og SLATE-profilen, og planane dine for den næraste framtida
  • Ei liste med detaljar om prosjekt du har vore prosjektleiar for, inkludert informasjon om finansiering, varigheit og omfang
  • Undervisingsportefølje der din undervisningskompetanse er samla og presentert på ein systematisk måte. Her finn du mal til utdanningsfagleg mappe. 
  • Namn og kontaktinformasjon til tre referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.  

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.  


Generell informasjon:

Ytterlegare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte:

  • Direktør for SLATE, professor Barbara Wasson, e-post: barbara.wasson@uib.no, Tlf.: + 47 91141297

Praktiske spørsmål om søknadsprosess kan du rette til:

  • Administrasjonssjef Jorunn Viken, e-post: jorunn.viken@uib.no, Tlf.: +47 90131832

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgate 12, 5015 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor
FINN-kode
337586693
Sist endret
03. apr. 2024 08:11