Overlege - spesialist i ortopedi

Arbeidsgiver
Ortopediske legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Overlege - spesialist i ortopedi
Frist
02.06.2024

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt? Vi søkjer ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi.

Vil du vere med på laget vårt? Vi søkjer ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi.
Avdeling for ortopedi SNR har stilling med arbeidstad er for tida ved Molde sjukehus.

Avdelinga har drift både i Kristiansund og Molde. Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline. I Molde har vi 6 overlegar og 2-3 LIS 2/3, derav 2 PhD kandidater. I Kristiansund har vi 10 overlegar, 6-7 LIS 2/3 og 9 LIS1, derav 1 professor, 1 førsteamanuensis, 1 universitetslektor og 5 PhD`ar og 5 PhD-kandidater.

Tilbodet i Molde inkluderar eit bredt spekter av operative og konservative behandlingar innan ortopedi, herunder frakturer, hand- og fotkirurgi inkl. diabetes føtter, ortogeriatri, protesekirurgi, fast-trac, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd. Kombinert sengepost saman med kirurgiske fag.

Vi har eigen ortopedisk forsknigsavdeling med pågåande store kliniske PhD-prosjekter samt grunnforsknings-prosjekter. Avdelinga produserer ein rekkje publikasjonar i høgt rangerte internasjonale tidsskrifter årleg. Vi har mange PhD`ar i avdelinga, og har såleis rettleiingskompetanse både for doktorgrads- og mastergradprosjekt.

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I det nye fellessjukehuset på Hjelset blir det ortopediske behandlingstilbodet for inneliggande og en del dagkirurgiske pasienter og ortopedisk vaktlinje.

I Kristiansund har vi to sengepostar der ein er dedikert til fast-track protesekirurgi og dagkirurgi. Vi har eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri og multidisiplinær behandling, skadepoliklinikk, ortopedisk poliklinikk, samt akuttmottak, osteoporose-poliklinikk med infusjonseining, DXA-maskin, «Capture the fracture» silver star rangering. AI-prosjekt (kunstig intelligens) innanfor protesekirurgi inkludert robotkirurgi.

Seksjon for ortopediske legar SNR er utdanningsinstitusjon for medisinstudentar fra NTNU. Vi har 20 studentar i løpet av året i praksis på siste år av studiet. Fysioterapeutar, spesialsjukepleiarar, ernæringsfysiolog og klinisk farmasøyt er dedikert til seksjonane våre.

Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat! Meir informasjon om Molde og Kristiansund finn du ved å lese her

Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat!



Arbeidsoppgåver

  • Vaktarbeid - det er ikke helgevakt i Molde på grunn av helgevaktdeling med Kristiansund
  • Operasjon, dagkirurgi og elektive operasjonar
  • Poliklinikk
  • Visitt
  • En del av traumeteam
  • Rettleiing og utdanning av LIS3 i seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Dokumentert spesialist i ortopedisk kirurgi
  • Må beherske et skandinavisk språk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du liker varierte utfordringar
  • Du har interesse for ortopedi og forsking
  • Du har evne og vilje til tverrfagleg samhandling
  • Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
  • Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
  • Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
  • Du evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)

Å vere personleg eigna, samt arbeidskapasitet og motivasjon, vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

.Les meir om Molde her

Kontaktinformasjon

Marianne Folkestad, +4771120000, Marianne.Folkestad@helse-mr.no

Arbeidssted

Parkvegen 84

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4757510201

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.06.2024


Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
337358689
Sist endret
17. apr. 2024 12:12