Inaktiv

Ferievikarar sommar 2024

Arbeidsgiver
Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Stillingstittel
Ferievikarar sommar 2024
Frist
03.03.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Har du lyst på ein spandande og meiningsfylt feriejobb?  
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av desse?

I siste del av juni, juli og august treng vi fleire til å gje praktisk bistand og utføre pleie- og omsorgsarbeid i heimetenesta, bukollektiv og sjukeheim, innanfor helse- og omsorg i Sandøy omsorgsdistrikt.
Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som kanskje er under utdanning, eller som har lyst til å bli kjend med eit nytt yrke.
Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar og assistentar.
Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring!
Vi har base i Sandøytunet, Austrevegen 11 på Harøya.

Fortløpande tilsetting. 



Arbeidsoppgåver

Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i direkte møte med menneske.
Pleie og omsorg for våre brukarar og praktisk bistand.

Kvalifikasjonar

  • Søkar må vere fylt 18 år for jobb i heimetenesta, i sjukeheim, bokollektiv og praktisk bistand kan du også være litt yngre (16 år i 2024).
  • Søkarar må kunne jobbe i månedane juli/august (Hovudferie for våre tilsette er frå 22. juni til 24. august).
  • Arbeid inntil kvar 2. helg.
  • Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • For arbeid i heimetenesta er det positivt om du har førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Du er: Ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
  • Gode samabeids- og kommunikasjonsevner vektleggast.

Vi tilbyr

  • Spennende og meningsfylt arbeid innan våre tenester innanfor helse- og omsorg.
  • Ein garanti om at din innsats er viktig og av stor betydning for brukarane våre.
  • Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
  • Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 – 34 i 2024. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
  • Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Røyset, Verksemdsleiar, 922 67 952

Arbeidsstad

Austrevegen 11

6296 Harøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4754014207

Stillingsprosent: 100%

Fast, Sommarjobb, Vikar

Søknadsfrist: 03.03.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Austrevegen 11, 6296 Harøy
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
336522530
Sist endret
28. feb. 2024 03:16