Inaktiv

Rektor på Lidar skule

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Rektor på Lidar skule- 100% fast stilling
Frist
13.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli vår nye rektor? Vi er ein engasjert, motivert, løysningsorientert og inkluderande gjeng som har høge ambisjonar for elevane våre. Har du eit raust menneskesyn med hjarte for elevar og ansatte, kan dette vere noko for deg! Du vil få fleire ressurspersonar som kjenner skulen godt til å samarbeide med. 

 Lidar skule er ein barneskule med om lag 100 elevar. Skulen ligg nord i Øystre Slidre, med Beitostølen som ein del av skulekrinsen. På skulen er det om lag 25 tilsette med brei kompetanse. Dei tilsette jobbar godt i lag for å løyse skulen sitt oppdrag. Blant dei 25 har vi lærarar med ulik fagkrins, miljørettleierar og barne- og ungdomsarbeidarar. Elevane sine behov, både som gruppe og enkeltvis, står i sentrum i arbeidet og satsingsområda til skulen. Det er ein kultur prega av fellesskap og eit ynskje om å gjere kvarandre gode. Det er ein inspektør og to teamleierar ved skulen, som er gode støttespelarar i dagleg drift og utviklingsarbeid. Skulen har eit godt samarbeid med Høgskulen Innlandet for støtte og kompetanseheving i kollegiet.

Skulane i Øystre Slidre har skulehelseteam der helsesjukepleiar og psykisk helse saman med skulen bistår elevar og heimar når det er behov for det. Dette er eit lågtersektilbod slik at vi skal kunne komme tidleg inn og forebygge. Frå skuleåret 24/25 har skulane i Øystre Slidre ei 50% stilling kvar med miljøarbeider/sosiallærar som arbeider systematisk med forebyggande arbeid i skulemiljøet.  På Lidar opprettar vi eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar og andre faggrupper. Vi ynskjer også å få inn musikkterapeutisk kompetanse i teamet

Lidar skule var ny i 2011. Skulebygget, samt eit stort og variert uteområde , innbyr til aktivitet og varierte undervisningsmetodar. Uteområdet har mellom anna gapahuk og hockeybane, og det er tur- og fiskemoglegheiter rett utanfor skuleområdet. Dette gjev gode rammer for skulekvardagen til elevane våre året rundt. Vi har uteskule for alle trinn.  

 



Arbeidsoppgåver

Som rektor er det forventa at du er ein tydeleg leiar som formulerer mål og forventningar ut i frå din kjennskap til skulen, og at du leier skulen i stø kurs. Du  har  eit totalansvar for drifta av skulen, med opplæringslova og skulen sitt samfunnsoppdrag som ei tydeleg rettesnor. Skulen har god tradisjon for utviklingsarbeid, og i samarbeid med Høgskulen i Innlandet og dei andre skulane i Valdres blir det no arbeidd med fagfornyinga og inkludering. Som rektor leiar du utviklingsarbeidet på skulen. 

Grunnskulane i Øystre Slidre kommune er organiserte som sjølvstendige einingar med økonomi- og personalansvar. Stabsavdelinga og økonomiavdelinga bistår rektorane på områda løn, personalsaker, økonomi og skuleskyss.
Som rektor samarbeider du med dei to andre rektorane i kommunen for å saman sørge for ei god skule for alle barn og unge i Øystre Slidre. Du er også med i det regionale samarbeidet mellom skulane i Valdres.

Rektor ved Lidar skule har ansvar for skuleavdelinga ved Beitostølen Helsesportsenter. Der er det bemanning med 200 % lærarstilling og 80% assistentstilling. 

Kvalifikasjonar

  • Må ha pedagogisk kompetanse etter opplæringslova § 9-1
  • Det er ynskje om leirarerfaring, gjennomført rektorutdanning og lærarutdanning
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagd
  • Ved tilsetting må du levere politiattest etter opplæringslova § 10-9

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer ein engasjert og tydeleg leiar, som vil arbeide for å bringe skulen vidare i godt samarbeid med kollegiet. Vi ynskjer derfor ein rektor som:

  •  Har ein leiarstil prega av openheit, involvering og gjennomføringsevne
  •  Har overblikk, opprettheld fellesskapet og ein felles kurs for skulen
  •  Er tett på i skulekvardagen og er engasjert i skulen som ein del av nærmiljøet
  •  Har god pedagogisk teft, er kunnskapsrik samstundes som du har evne til å lytte og sjå styrkane i ditt eige personale
  •  Er  god i møte med elevar, føresette og tilsette
  •  Er profesjonell, robust og trygg
  •  Er engasjert og løysingsorientert 
  •  Har god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg. Nynorsk er skriftspråket i kommunen, og vi ønskjer at søkjarane kan beherske både bokmål og nynorsk 
  •  Har gode samarbeidsevner
  •  Har elevens beste i fokus

Vi tilbyr

  • Spennande jobb i eit fagmiljø med høg kompetanse
  •  Leiarnettverk
  •  Løn etter avtale
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar
  •  Kommunen har reglement for flyttegodtgjersle
  •  Tilbod om rektorutdanning
  •  Eit godt arbeidsmiljø med framoverlente kolleger
  • Gode kollegaer som støttar kvarandre

Kontaktinformasjon

Kjersti Hedalen, Kommunalsjef, +47 91723553

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4745224756

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
335824441
Sist endret
28. feb. 2024 02:40