Kariplassen A - miljøterapeuter

Arbeidsgiver
Vestnes kommune Kariplassen A
Stillingstittel
Miljøterapeut - 2 x 100%
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse


Vi søkjer etter miljøterapeut til ledig 2x100 % stilling ved bueining Kariplasen A. Den eine stillinga er eit vikariat som varer til 21.02.25.Arbeidstid i turnus dag/kveld/3. kvar helg.

Arbeidsstad
Kariplassen A  ligg i nærleiken av Vestnes sentrum.  Aktivisering og Meistring yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tjenesten ytes i heimen til den enkelte og er individuelt tilrettelagt.

Arbeidsoppgåver
- nødvendig oppfølging i dagleglivet. Bidra til fagleg arbeid ved eininga og i tenestemotakaren sitt liv
- observere, registrere og kartlegge . Dersom det er nødvendig med bruk av tvang, har du ansvar for saksutgreiing, gjennomføring og evaluering av tiltak
- gi opplæring til kollega i høve Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og andre faglege tema
- utarbeiding av rutiner i tråd med aktuelt lovverk, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar som fortrinnsvis er utdanna vernepleiar eller andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial eller pedagogiske fag.

For stillinga legg vi og vekt på følgjande eigenskapar og innstilling til arbeidet:
- god kunnskap om psykisk utviklingshemming
- kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- ferdigheter innan målretta miljøarbeid og individuell tilrettlegging
- ønskeleg med kompetanse i handteringog førebygging av utfordrande atferd
- rettleiingskompetanse
- ha gode kommunikasjonsevne
- ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med autismeproblematikk
- datakunnskap
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- du må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- evne til å skape "det gode liv" for tenestemotakaren

Vi tilbyr
- allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- tilsette i miljøterapeutstilling ved Kariplassen A som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet.
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju. ReferanseOppgi referansar. SøknadVestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli vurdert.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju. Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Myra 23, 6390 Vestnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
335468068
Sist endret
11. apr. 2024 12:58