FERIEVIKARAR SOMMAREN 2024 

Arbeidsgiver
Bu- og aktivitetstenesta, Sula kommune
Stillingstittel
Ferievikarar sommaren 2024
Frist
19.05.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vi har behov for ferievikarar frå starten av juni og ut august 2024.

Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.

Bu- og aktivitetstenesta er delt inn i fire avdelingar og omfattar:

  • Nymarkvegen,
  • Jetmundgarden
  • Geilneset 9 og 11
  • Molvær senter. 

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Jetmundgarden og eit tiltak i Nymarkvegen har turnusordning med utvida arbeidstid  f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg. Dei andre avdelingane har turnsordningar med både langvakter og ordinære vakter.

Oppgje i søknaden kva avdeling du ynskjer å arbeide i.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet består i personleg bistand  til alle dagleglivets gjeremål
  • Hjelpe tenestemottakarane til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid
  • Dagleg dokumentasjon og journalføring.
  • Du skal følgje rutinar, miljøreglar og handlingskjede som er satt opp.
  • Tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/ fysisk aktivitet.

Kvalifikasjonar

  • Vi har behov for vernepleiarar, vernepleiarstudentar, sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar, personar med øvrig treårig helse- og sosialfaglege utdanningar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar,helsefagarbeidarar og assistentar. 
  • Datakunnskap.
  • Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
  • Krav om førarkort klasse B.
  • Politiattest. 
  • Oppgje referanse.

Personlege eigenskapar

  • Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med mennesker.
  • Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tåle stress. 
  • Arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplanar og rutinar.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit positivt og engasjert fagmiljø.
  • Bonusordning med tilskot for arbeid utover fem veker. 
  • Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter gjeldande tariff. 
  • God opplæring

Kontaktinformasjon

Camilla Vee, Einingsleiar, 95710251, camilla.vee@sula.kommune.no

Caroline Øien Fiksdal, Avdelingsleiar Jetmundgarden , 95710257, caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no

Charlotte Vik, Avdelingsleiar Geilneset, 95710246, charlotte.vik@sula.kommune.no

Mariann Kaldhol, Avdelingsleiar Nymarkvegen og Molvær senter, 95710269, mariann.kaldhol@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Stadsnesvegen

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4749446954

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 19.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
40
Sted
Stadsnesvegen, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
334917750
Sist endret
07. mars 2024 11:35