Inaktiv

Storfjordnytt søkjer journalist

Arbeidsgiver
Storfjord Bladlag As
Stillingstittel
Journalist
Frist
26.01.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du lidenskapeleg oppteken av å formidle lokale historier og bidra til å styrkje samhaldet i lokalsamfunnet? Då kan du vere den journalisten vi leitar etter!


Som journalist i Storfjordnytt vil du vere ansvarleg for å dekkje lokale hendingar, arrangement og nyheiter i Storfjord og nærliggjande område. Det vil også seie at det vert noko kvelds- og helgearbeid (stillinga inngår i helgeturnusen vår).


Arbeidsoppgåvene vil inkludere, men ikkje vere avgrensa til:


  • Research og intervju for å skape informerande og engasjerande nyheitsartiklar.
  • Skriving og redigering av artiklar på nynorsk.
  • Fotografering og levande bilete for å berike nyhetsdekninga.
  • Oppfølging av saker frå idéstadiet til publisering.

Vi søkjer ein kreativ, nysgjerrig og sjølvstendig journalist.

Ønskte kvalifikasjonar:


  • Om du har utdanning eller erfaring innan journalistikk, kommunikasjon eller tilsvarande, er det ein fordel, men ikkje eit absolutt krav. Det viktigaste er dei personlege eigenskapane dine.
  • Evne til å jobbe effektivt under tidspress.
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner.
  • Erfaring med fotografering/levande bilete er ein fordel.
  • Lokalkunnskap eller evne til raskt å setje seg inn i lokale forhold.
  • Den redaksjonelle målforma er nynorsk.
  • Du må ha førarkort og disponere bil.

Vil tilbyr:


  • Ein spennande jobb i eit lokalt mediehus med sterke røter i lokalsamfunnet.
  • Moglegheit til å påverke lokalnyhetsdekninga og bidra til å styrkje demokratiet.
  • Eit arbeidsmiljø med stor takhøgde, mykje engasjement og godt humør.
Sektor
Privat
Sted
Olavsgata 8, 6210 Valldal
Stillingsfunksjon
Journalist, Annet, PR og informasjon
FINN-kode
334096676
Sist endret
29. des. 2023 02:05