Inaktiv

Verdas viktigaste jobb. Me treng deg som lærar i Suldal

Arbeidsgiver
Suldal kommune Overordna oppvekst
Stillingstittel
Lærarar
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

2. gongs utlysing

Me søkjer deg med godkjend grunnskulelærarutdanning som vil vera med å utvikla eit trygt og godt skulemiljø der elevane sitt læringsutbyte, klasseleiing, tilpassa opplæring og relasjonskompetanse står sentralt.  Har du anna utdanning eller relevant kompetanse er du også velkommen til å søkje.

Frå 01.08.24 har me ledig undervisningsstillingar i varierande storleik både fast og vikariat i barne- og ungdomsskulen.  Utlysinga gjeld og stillingar som måtte verte ledige fram mot skulestart.  Ønskje om stillingsstorleik og arbeidsstad må opplysast i søknaden.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule.
  • Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
  • Du må vera fleksibel og positiv.
  • Ha pågangsmot og vera utviklingsorientert.
  • Erfaring med og kunnskap om å nytta digitale verktøy i undervisning
  • Du må trivast saman med elevar og føresette

 Personlege eigenskapar:

  • Vera ein relasjonsbasert klasseleiar som viser retning og veg for eleven, fagleg og sosialt.  
  • Vera ein aktiv deltakar i det profesjonsfaglege fellesskapet.
  • Vera ein lagspelar i skulen, med føresette og med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen.

 Hjå oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
  • Gode stønadsordningar for vidareutdanning
  • Kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist

Slik søkjer du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje. 
  • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
  • Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

Spørsmål om stillingane kan rettast til rektor ved den einskilde skule eller konstituert kommunalsjef for oppvekst Britt Elin Håranes tlf 404 82 226.

Er du klar?  Me treng deg!

 

 

Dette er skulane i Suldal.

Erfjord skule
Rektor Aina Vaage mob 45201277    aina.vaage@suldal.kommune.no
Erfjord skule er ein barneskule frå 1. - 7. kl med ca 70 elevar. 

Marvik skule

Rektor Tanja Bergby mob 41556578   tanja.bergby@suldal.kommune.no
Marvik skule er ein fådelt barneskule som ligg på Ropeidhalvøya med ca 30 elevar. 

Nesflaten oppvekstsenter

Rektor Anne Marie Gamlem Rabba mob 45612131   anne.marie.rabba@suldal.kommune.no
Nesflaten oppvekstsenter er ein fådelt kombinert barne- og ungdomsskule med ca 15 elevar. 

Jelsa oppvekstsenter

Rektor Karin Nessa mob 47266449  Karin.Nessa@suldal.kommune.no
Jelsa oppvekstsenter er ein fådelt barneskule med ca 20 elevar.  

Sand skule

Rektor Jorunn Hoås mob 91574334  Jorunn.Hoas@suldal.kommune.no
Sand skule har ca 300 elevar fordelt på 14 trinn frå 1.-10. trinn. 9. og 10. kl. har to klassar på kvart trinn, 8 kl. har tre trinn.                                         

Vinjar skule

Rektor Vibecke Håheim    vibecke.haaheim@suldal.kommune.no
Vinjar skule er ein barneskule med ca 95 elevar.   

 




Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
333459426
Sist endret
08. mars 2024 09:34