Assistent/Helgestillingar

Arbeidsgiver
Helse og omsorg, Vanylven kommune Avd. 2
Stillingstittel
Assistent/Helgestillingar
Frist
29.12.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Kunne du tenkje deg ein spennande og meiningsfull jobb ved Vanylven helse og omsorgssenter avdeling2?

Likar du å hjelpe andre og gjere ein forskjel for eldre som bur i institusjon, må du søkje hos oss! Her får du moglegheit for læring og utvikling i eit sosialt og trivelig arbeidsmiljø.

Avdeling 2 har ledige stillingar på helg, og behov for tilkallingsvikarar. Helgestillingar i omlag 12% med jobb kvar tredje helg, med dag og kveldsvakter.

Avdeling 2 har totalt 25 plassar fordelt på tre grupper. Langtidsplassar, kortidsplassar og rehabilitering, KAD seng for akutt behandling, og rom for palliativ behandling. Her er også ei eiga skjerma eining for demens.

Vi søkjer etter deg med interesse eller erfaring innan helsefagleg arbeid, helsepersonell, studentar og assistentar. Fagutdanning og erfaring er ynskjeleg, men ikkje eit krav, da god opplæring for arbeidet vil bli gitt. Er du student å ynskjer å ha ein helgejobb saman med studiene er dette jobben for deg.

Høres dette interessant ut kan du gjerne ta kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga.



Arbeidsoppgåver

Yte helsehjelp, miljøarbeid og dagleg omsorg til den enkelte bebuar, etter den enkelte sine behov.

  • Utføre dagleg stell/pleie etter bebuarar sine tiltaksplaner
  • Hjelp og tilrettelegging i ernæringssituasjon
  • Ta initiativ til aktivitet med bebuarar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem
  • Jobbe i tråd med kommunens reglement og etiske retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Interesse for å jobbe med eldre.
  • Helsefagleg utdanning/ erfaring (ikkje eit krav).
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Beherske IKT som arbeidsverktøy (aktuell opplæring vil bli gitt)
  • Pliktoppfyllande og til å stole på
  • Godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

  • Positiv og blid
  • Lojal og ansvarsfull
  • Stå på vilje
  • Interresse for å jobbe med menneske
  • Løysningsfokusert og emner å lære nytt
  • Gode samarbeidsemner
  • Jobbe effektivt, kreativt, strukturert og sjølvstendig

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med moglegheit for utvikling og læring

Løn etter gjeldande tariffavtale, gode pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221

Arbeidsstad

Reitebakkvegen 23

6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune



Referansenr.: 4667703777

Stillingsprosent: 12%

Engasjement


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Reitebakkvegen 23, 6143 Fiskå
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
333362336
Sist endret
15. mai 2024 12:14