Inaktiv

Sjukepleiar 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Bukollektiva, Sula kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast stilling
Frist
31.03.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig! 

Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19 har vi ledig 100 fast stilling for sjukepleiar, arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Om ønskeleg kan stillinga justerast mellom 80-100%. Tiltredelse 10. juni 2024, evt anna dato etter avtale.

Søknadsfrist 31. mars 2024. 

I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.

Vi nytter velferdsteknologi i avdelingane.

Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!



Arbeidsoppgåver

  • Målretta og planbasert arbeid for å gi bebuarar eit tilpassa tilbod i rolege og trygge omgjevnader samt fokus på ivaretakelse av eigne ressursar.
  • Praktisk hjelp
  • Primærsjukepleie
  • Miljøretta oppgåver/aktivisering med t.d. musikk, tur el.l.
  • Medisinhandtering
  • Palliasjon
  • Nært samarbeid med pårørande og lege
  • Planarbeid
  • Generelle sjukepleieoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
  • Gode datakunnskaper

Personlege eigenskapar

Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesse for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande.  Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar. 

Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Inkludering ei eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • God opplæring og nærledelse
  • Fokus på god eldreomsorg og fagleg utvikling
  • Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

 

Oppgi referanser

Krav om politiattest

 

Kontaktinformasjon

Eli Karin Lillebø Hageløkken, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, eli.karin.l.hagelokken@sula.kommune.no

Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, +4791596764, cecilie.orjasaeter@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Molværsvegen 17

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4662363316

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 10.06.2024

Søknadsfrist: 31.03.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Molværsvegen 17, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
333335856
Sist endret
08. mars 2024 10:03