Ferievikarer sommeren 2024

Arbeidsgiver
Buteneste nordre - Avdeling Ørskog
Stillingstittel
Ferievikarer sommeren 2024
Frist
31.05.2024

Beskrivelse

Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb?
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av dei? Vi gir teneste til personar med ulike behov, dei fleste med diagnosen utviklingshemming

Frå ca. 15. Juni og fram til ca. 31. August treng vi sommarvikarar til å gje praktisk/personleg bistand
til tenestemottakarar i Buteneste Nordre – Avdeling Ørskog.

Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som kanskje er under utdanning, eller som har lyst til å bli kjent med eit nytt yrke.
Vi treng Sjukepleiarar, Vernepleiarar, Helsefagarbeidarar, Miljøterapeutar, Assistentar eller Omsorgsarbeidarar. Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så vil vi gje deg god opplæring.


Arbeidsoppgåver

  • Skape gode aktivitetar saman med tjenestemotakarar
  • Yte hjelp til tjenestemotakar når det trengs.
  • Dokumentasjon
  • Skape gode og trygge relasjonar
  • Legemiddelhandtering
  • Samarbeide og skape eit postivt miljø

Kvalifikasjonar

  • Du er ferdig utdannet eller er i et utdanningsløp, gjerne innen helserelaterte yrker
  • Det kreves Politiattest
  • Førerkort kl B

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, lojal og likar å jobbe med menneske.
  • Du evner å bygge gode relasjonar med andre menneske

Vi tilbyr

  • Tariffløn, godt arbeidsmiljø og eit stimulerande miljø der du kan auke din kompetanse
  • Kanskje blir dette din framtidige arbeidsstad?
  • Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 – 34 i 2024. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

Kontaktinformasjon

Silje F. Midthjell, Avdelingsleiar, 951 47 889

Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 416 25 242

Arbeidsstad

Prestegardsvegen 22

6240 Ørskog

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4741652515

Stillingsprosent: 100, 80%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 31.05.2024


Antall stillinger
22
Sted
Prestegardsvegen 22, 6240 Ørskog
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
333334359
Sist endret
29. apr. 2024 05:00