Inaktiv

Ferievikarar 2024

Arbeidsgiver
Hessa-Borgund heimetenestedistrikt
Stillingstittel
Ferievikarar 2024
Frist
30.06.2024

Beskrivelse

Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb?  
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av desse?

I siste del av juni, juli og august treng vi fleire til å gje praktisk bistand og utføre pleie- og omsorgsarbeid i heimetenesta og bukollektiv innanfor helse- og omsorg.
Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som kanskje er under utdanning, eller som har lyst til å bli kjend med eit nytt yrke.
Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar og assistentar.
Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring!

Vi har base for heimeteneste i Kjøpmannsgata, ved Kliprasenteret og Vågaveien 27. Volsdalen bokollektiv i Nørvegata 1c  har også behov for ferievikarar i tillegg til avdelingane for heimeteneste.

Fortløpande tilsetting. 



Arbeidsoppgåver

  • Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i direkte møte med mennesker.
  • Pleie og omsorg for våre brukarar. 

Kvalifikasjonar

  • Søkar må vere fylt 18 år for vikariat i heimetenesten, ved Volsdalen bokollektiv kan du også være litt yngre
  • Søkarar må kunne jobbe minimum 5 veker i månedane juli/august (Hovedferie for våre tilsette er frå 22. juni til 16. august).
  • Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • For arbeid i heimetenesten er det positivt om du har bilførerkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  •  Du er: Ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
  •  Gode samabeids- og kommunikasjonsevner vektleggast. . 

Vi tilbyr

  • Spennende og meningsfylt arbeid innan våre tenester innanfor helse- og omsorg.
  • Ein garanti om at din innsats er viktig og av stor betydning for brukarane våre.
  • Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
  • Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 – 34 i 2024. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
  • Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Tonje Brande, Avdelingsleiar, 70 16 23 71

Ørjan Våge Lillestøl, Avdelingsleiar, 70 16 27 71

Kristin Olsen, Avdelingsleiar, 70 16 31 59

Veronica Dyb Olsen, Avdelingsleiar, 70 16 31 48

Gerd Cathrin Pilskog, Avdelingsleiar, 70 16 29 74

Ann Elin Melbø Myklebust, Verksemdsleiar, 70 16 31 55

Arbeidsstad

Nørvegata 1 c

6008 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4742887892

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.06.2024


Sted
Nørvegata 1 c, 6008 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
333334273
Sist endret
06. mars 2024 09:47