Inaktiv

Ferievikarar

Arbeidsgiver
Åse-Blindheim heimetenestedistrikt
Stillingstittel
Ferievikarar
Frist
31.05.2024

Beskrivelse

Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt feriejobb?

Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av desse?

I siste del av juni, juli og august treng vi fleire til å gje praktisk bistand og utføre pleie- og omsorgsarbeid i heimetenestene Åse-Blindheim.
Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som kanskje er under utdanning, eller som har lyst til å bli kjend med eit nytt yrke.
Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og assistentar.
Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring! 

Fortløpande tilsetting.  



Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorgsoppgåver i heimen

Kvalifikasjonar

  • Søkar må vere fylt 18 år. 
  • Søkarar må kunne jobbe i hele juli månad. 
  • Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR). 
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Positiv og løysingsorientert.
  • Evner til å arbeide sjølvstendig.
  • God til å samarbeide med andre.

Vi tilbyr

  • Studentar med helse- og sosialfagleg høgare utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
  • Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 – 34 i 2024. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

Kontaktinformasjon

Camilla Synnes Nygård, Avdelingsleiar Spjelkavik Aust, 70 16 31 77, camilla.synnes.nygard@alesund.kommune.no

Ragnhild Opsal, Avdelingsleiar Åse og Lerstad, 70 16 31 62, ragnhild.opsal@alesund.kommune.no

Ina Helene Liaset, Avdelingsleiar tiltak barn og Nattpatrulje, 932 36 761, ina.helene.liaset@alesund.kommune.no

An Magrit Hovden, Avdelingsleiar Blindheim, 70 16 40 41, an.magrit.hovden@alesund.kommune.no

Monica Ulstad, Verksemdsleiar, 945 25 321, monica.ulstad@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Skarpetegvegen 4

6012 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4742447617

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.05.2024


Sted
Skarpetegvegen 4, 6012 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
333332577
Sist endret
13. mars 2024 11:02