Ferievikarar 2024

Arbeidsgiver
Buteneste Midtre
Stillingstittel
Ferievikarer 2024
Frist
15.06.2024

Beskrivelse

Har du lyst på ein spennande og meiningsfull feriejobb?
I juni, juli og august treng vi ferievikarar i Buteneste midtre, ved avdeling Bogneset, Hatlasvingen, Olsvika, Kyrkjehaugen og Ratvika.
Vi ser etter deg som er omsorgsfull, påliteleg og lærevillig. Som har godt humør og god arbeidskapasitet. Og som vil ha ein jobb der vi gir heildøgnsomsorg til menneske med funksjonsnedsettingar.
Ved alle avdelingar har vi fleire tilsette på jobb pr vakt; ein vil aldri vere aleine på vakt. Vi tilbyr ulike turnusordningar, dag/aften-vakter, langvakter og nattevakter. 

Har du ikkje erfaring frå liknande arbeid? For at du skal få best mulig start hos oss legger vi opp til ei god opplæring, beståande av både e-læringskurs, skriftleg opplæringsmateriell og munnleg forteljing. Opplæringa vil gjere deg godt rusta til å utføre oppgåvene.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre praktisk bistand i andre sin heim, dei ulike bebuarane har ulike behov.
  • Omsorgsoppgåver, herunder personleg bistand til det den enkelte har behov for.
  • Dele ut medisinar etter liste dersom du får delegasjon til dette (eget kurs og opplæring).
  • Miljøarbeid, som kan forklarast med at oppgåver, aktivitetar og miljøet leggast tilrette slik at dei passar med bebuarens funksjonsnivå. 
  • Legge til rette for aktivitet og meistring og ein meiningsfull kvardag for den einskilde.
  • Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit direkte møte med menneske.
  • Du må utføre dei oppgåvene som blir delegert til deg.

Kvalifikasjonar

  • Miljøterapeutar, vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøarbeidarar og assistentar. 
  • Søkarar må vere fylt 18 år.
  • Har du inga erfaring frå liknande arbeid, så gir vi god opplæring. 
  • Førarkort kl. B.
  • Krav om politiattest. 
  • Meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg. 
  • Søkarar som kan arbeide store delar av perioden blir prioritert.

Personlege eigenskapar

  • Medarbeidarar som kan stille seg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.

Vi tilbyr

  • God opplæring i eit godt fagmiljø.
  • Løn etter gjeldande tariff. 
  • Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
  • Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 – 34 i 2024. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

Kontaktinformasjon

Raina Vorren, Avdelingsleiar Bogneset og Ratvika , 948 87 807, raina.vorren@alesund.kommune.no

Cecilie Marie Åsen Knoff, avdelingsleiar Olsvika, 993 94 771 , cecilie.marie.asen.knoff@alesund.kommune.no

Fride Halkjelsvik, Avdelingsleiar Kyrkjehaugen, 971 01 249, fride.halkjelsvik@alesund.kommune.no

Sverre Kristian Sivertsen Helland, Avdelingsleiar Hatlasvingen 43-45, 975 90 646, Sverre.K.Helland@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Fjellgata 42

6003 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4741891854

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 15.06.2024


Antall stillinger
35
Sted
Fjellgata 42, 6003 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
333331193
Sist endret
12. apr. 2024 06:18