Highsoft søker trainee: Utviklar
Framtidsfylket AS
- Frist 15.3.2024
- Ansettelsesform Trainee
Me ser etter deg som er lidenskapeleg opptatt av programmering og som kan hjelpe oss å vidareutvikle våre produkt for å møte framtida. Du har studert noko programmeringsrelatert, og kanskje har du eigne hobbyprosjekt på si. Du likar å få leike med ny teknologi og ulike rammeverk, og du veit at koding kan løyse problem for fleire der ute.
Du kjenner deg att i dette
🔹Høgare utdanning
🔹Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
🔹Ein kodeknekkar innan ein eller fleire av desse teknologiane: JavaScript, TypeScript, Wordpress, PHP, React, HTML & CSS.
Då er du kanskje vår neste trainee 💚
💻 Tenkte arbeidsoppgåver
Som ein del av vårt team vil du erfare eit bredt fagleg mangfald, med moglegheit til å jobbe med både produkta i Highcharts-familien og websida vår - avhengig av interesse. I produktteamet vil du for eksempel kunne jobbe med tidlegare traineear, Marita og Gøran. Her vil du frå dag éin sette ditt preg på koden og du vil oppleve at du stadig snublar over Higchartskoden på nettet. Det er ikkje så rart når me har kunder i over 200 land, det synest me er veldig kult! På webteamet vil jobben vere å sørge for at nettsidene våre skal virke optimalt for alle rundt om i verden som besøker dei.
Uansett kva interessa er, så vil du få ta del i å utvikle ny funksjonalitet, og sikre at produkta held seg best i klassen gjennom vedlikehald og bug fixing. Me vil tilpasse arbeidsoppgåvene til din erfaring og kompetanse, og me kjem sikkert til å involvere deg i fleire prosjekt etter kvart som du blir varm i trøya.
👥 Arbeidskvardagen
Med deg på laget vil du få kollegaer som har lidenskap for det dei driv med. Me ynskjer at du skal bli godt ivaretatt, og du vil få din eigen Highsofter som mentor til å vise veg både fagleg og i arbeidslivet. Dei gode diskusjonane kan de ta over eit parti dart, ein tusletur i vår vakre bygd, eller ein god kaffikopp i Stova. Hjå oss skal det være enkelt å trivast!
Er du klar for å sette utviklinga i fokus og har me knekt jobbsøkarkoden? Send CV og søknad, for me gler oss til å høyre meir om deg! 🚀✨
Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
- Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
- Studietur til utlandet
- Vestlandet 💚
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 333150111
- Sist endret