Lærarar
Brattvåg barneskule, Ålesund kommune
- Frist 28.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har omlag 230 elevar frå mange ulike nasjonalitetar. Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.
Grunna endring i planer for nokre av våre tilsette så vil vi søkje etter tre positive medarbeidarar som kan undervise både på 1. - 4. trinn og 5. - 7. trinn, ei fast og to vikariat fom. januar 2024 og fram mot sommaren. Vi søkjer motiverte og engasjerte tilsette som har lyst til å gjere ein forskjell for våre elevar og vere ein del av våre flotte kollegaer.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag 1. -7. trinn.
- Den som søkjer må rekne med å ta på seg kontaktlæraransvar.
- Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingssamarbeid både på trinn og kollegiet generelt.
- Planlegge, gjennomføre og evaluerer læringsarbeid for sine grupper og elevar saman med kollegaer.
- Klasseleiing, heim-skule-samarbeid og eksternt samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning 1. -7. trinn er ønskeleg, alternativt grunnskulelærarutdanning 5. - 10 eller allmennlærarutdanning.
- Fagkompetanse i td. norsk, matematikk, engelsk, mat og helse, kunst og handtverk/sløyd og kroppsøving.
- Det er ønskeleg med utdanning i og/eller erfaring i særskilt norskopplæring.
- Generell IKT-kompetanse.
- Bør ha gode norskferdigheiter.
Personlege eigenskapar
- Du er ein engasjert og bidragsytande lærar som likar å jobbe i team, som er strukturert, pliktoppfyllande og fagleg kompetent.
- Du er initiativrik og sjølvstendig i ditt arbeid.
- Du er ein tydeleg klasseleiar og god på relasjonsbygging.
- Du må like å bruke naturen som alternativ læringsarena.
- Søkjarar som er personleg eigna blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
- Systematisk kollektivt utviklingsarbeid .
- Ein skule som kan nytte fjord og fjell i nærområdet som alternative læringsarenaer.
- Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhold og engasjement.
- Tarifflønn og pensjonsordning gjennom SPK.
Kontaktinformasjon
Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, Unni.N.Krogsaeter@alesund.kommune.noArbeidsstad
Skulesvingen 46270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4737935322
Stillingsprosent: 100%
Vikar, Fast
Startdato: 03.01.2024
Søknadsfrist: 28.12.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 331732459
- Sist endret