Er du ferdig sjukepleiar til sommeren?

Arbeidsgiver
Sjukepleiar -  Haugesund
Stillingstittel
Sjukepleiar - Haugesund
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig vikariat i sommer for sjukepleiarar med oppstart juni 2024

Trivst du godt med akuttmedisin, eller er du ein racer på miljøterapi? Har du lyst å arbeide med kirurgiske pasientar, eller trivst du best med medisinske utfordringar? Kanskje du liker å jobbe med ulike fagområder og pasientar? Liker du å ha varierte arbeidsdagar og ein uforutsigbarhet i det forutsigbare? Då har vi jobben for deg! 
I Helse Fonna jobbar du i team med dyktige kollegaer frå ulike faggrupper rundt deg. Hos oss får du praktisere det du har lært under studiet; god pasientomsorg, praktiske prosedyrar, utgreiing, dokumentasjon, avansert pleie og behandling, team- og tverrfagleg samarbeid

Skriv i søknaden kva klinikk du ønskjer å jobbe ved (i prioritert rekkefølge). Dette vil bli tatt omsyn til så langt det er mogleg.

  • Klinikk for kirurgi Haugesund
  • Klinikk for medisin Haugesund og Odda
  • Klinikk
    for psykisk helsevern  

Kandidatar som kan jobbe store deler av sommaren vil bli prioritert.

 

Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no.
Stillingsstorleik etter avtale.



Arbeidsoppgåver

  • Du får nytte dei kunnskapane som ligg i sjukepleiarfaget
  • Observasjon, behandling, stell og pleie
  • Medikamenthåndtering og andre sjukepleieprosedyrar 
  • Håndtera medisinsk teknisk utstyr
  • Samhandling med primærhelsetjenesta

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. 

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert og serviceinnstilt
  • Du er sjølvstendig og har stå-på-vilje
  • Du er god på kommunikasjon
  • Du er ivrig og lærevillig
  • Du er fleksibel

Vi tilbyr

  • Opplæringsvakter
  • Gode støttefunksjoner
  • Varierte oppgaver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Toril Førland, Funksjonsleiar - Bemanningsenteret, 99201883, toril.johanson.forland@helse.fonna

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4736644749

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 31.05.2024


Antall stillinger
10
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
331372023
Sist endret
18. mars 2024 09:44