Inaktiv

Spanande og variert stilling hjå eit unikt betongfirma på Voss

Arbeidsgiver
Tunge Ting As
Stillingstittel
Spesialarbeider betongproduksjon
Frist
20.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Grunna auka oppdragsmengde har me behov for å tilsetja ein ny produksjonsmedarbeidar i 100 % stilling.


Me har hatt veldig mykje arbeid i lang tid og det er lite som tyder på at det vil avta med det fyrste. Det heng sikkert saman med det faktum at me leverer det kundane våre ynksjer, uansett kor krevjande og utfordrande det ser ut til å vera. Kanskje kan det og ha litt påverknad at me dei siste åra har vore innvolvert i fleire større <> med mykje posistiv omtale.


Me er på jakt etter ein person som kan arbeida for eiga maskin, men og samarbeida godt med andre.


Vedkomande må kunne lesa teikningar og bruka ymse vertktøy og maskiner. Ein må væra førebudd på å ta i eit tak i eit til tider hektisk miljø der utfordringane er mange. Evna til å tenkje <> vil væra ei føremon då oppdraga innimellom kan liggja langt unna det tradisjonelle. Nøyaktigheit, presisjon og evna til å leggje stoltheit i eige arbeid er ein føresetnad hjå oss.


Arbeidsoppgåvene vil variera mellom noko standardproduksjon og til ei kvar tid spanande prosjekt der ukonvensjonelle løysingar ofte nyttas.


Bedrifta produserer ein del standardiserte produkt som det til ei kvar tid må væra lagerbehaldning av. Men, hovedbolken av det me produserer er <>. Arbeidsoppgåver vil typisk væra formbygging, armering, støyping, sliping og handsaming. Inn under dette ligg det mange ulike utfordringar. Det må og påreknast noko utearbeid og reising i samband med montering etc.


Er du betongfagarbeidar, forskalingssnikkar eller tømrar med interesse for betong kan det godt henda du er den me ser etter.


Sjølv om det er ein føremon med fagbrev er det ikkje avgjerande for oss. Relevant erfaring og bakgrunn er viktigare då vedkomande uansett må rekna med at mykje vil væra nytt og ukjent. Evna til å læra nye ting og oppriktig forvitenskap til fagfeltet vil bli vektlagt. Om rett person er relativt tidleg i yrkeskarriera gjer ingenting då me ser etter nokon som ser ei framtid i ein bransje der utvikling og innovasjon står i høgsetet.


Forutan spanande arbeidsoppgåver kan me tilby eit godt arbeidsmiljø, gode forsikring- og pensjonsordningar og ei løn du vil væra nøygd med.


Vedkomande må snakka godt norsk og ha førarkort.


Arbeidsstad er i produksjonslokaler på Istadmyrane/Dalsmoen.


Ved spørsmål ta kontakt med Rune Skjoldal på tlf 922 41 969

Sektor
Privat
Sted
Dalsmoen 11, 5709 Voss
Stillingsfunksjon
Produksjon, Håndverker
FINN-kode
331334642
Sist endret
04. des. 2023 07:35