Sjukepleiar
Medisinsk sengepost og poliklinikk, Lærdal sjukehus - Helse Førde
- Frist 10.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å bu på ein liten plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Er du i tillegg sjukepleiar?
Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!
Lærdal sjukehus har ledig stillingar for sjukepleiar på Medisinsk sengepost og poliklinikk:
- 100% fast kombistilling, 50% medisinsk poliklinikk (infusjonspoliklinikken) og 50% medisinsk sengepost.
- 100% fast kombistilling, 60% medisinsk poliklinikk og 40% medisinsk sengepost
- 100% fast kombistilling, 40% medisinsk poliklinikk og 60% medisinsk sengepost
- 80% vikariat på medisinsk sengepost. Frå snarast til 01.02.2025 med moglegheit for forlenging
- 80% vikariat på medisinsk sengepost. Frå snarast til 01.02.2025 med moglegheit for forlenging
Lærdal er ein fin litan stad med store naturopplevingar i hagen din, med gode turmoglegheitar for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.
Her har vi eit godt fagmiljø, samstundes er vi ikkje større enn at vi vert godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å skaffe seg nye bekjente. Vi har fleire sosiale samankomstar gjennom året og ønskjer deg velkommen til å vere med!
Sengeposten har 14 senger inkludert 2 overvakingssenger. Posten driftar for tida 2 interkommunale senger. 95% av innleggingane er akutt hjelp. Dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar.
Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med indremedisinske problemstillingar som tildømes hjerte og mage/tarm. Me har også infusjonspoliklinikk, hovedtyngda er kreftbehandling og behandling av pasientar med mage/tarm sjukdommar.
Meir informasjon om Lærdal kan du lese ved å klikka her.
Vil du vite meir om stillinga, ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.
Stillingane er ikkje tenkt at skal delast. Spesifiser kva stilling/stillingar du søkjer på.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost og poliklinikk
- Stillinga vert delt mellom sengepost og poliklinikk, og inngår i avdelingane sin årsarbeidsplan med arbeid i snitt kvar tredje helg.
- Sjukepleie til medisinske pasientar
- Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
- Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
- Opplæring og rettleiing av studentar
- Arbeidsoppgåver delegert frå leiar
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Må ha godkjend norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Gode IKT-kunnskapar
- Stillinga på infusjonspoliklinikken - fordel med erfaring/vidareutdanning innan kreft
- Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er fagleg engasjert
- Du jobbar strukturert og målretta
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Personalhytte på Filefjell
- Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anne-Malene Hande, Einingsleiar poliklinikk LSH, 477 52 466Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar sengepost LSH, 479 06 594
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4735821835
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 10.12.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329972875
- Sist endret