Ågotnes skule

Arbeidsgiver
à  ygarden kommune à  gotnes skule
Stillingstittel
Lærar 80% vikariat
Frist
18.12.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om avdelinga:

Ågotnes skule er ein middels stor barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag ein halv times køyretur frå Bergen. Ågotnes-området har tilflytting av folk og elevtalet er stabilt/svakt aukande. Skulen stod ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006. Fram til skuleåret 2010/2011 var skulen ein kombinert barne- og ungdomsskule, men er i dag ein rein barneskule.

Visjonen vår: «Ein god stad å vere, ein god stad å lære». Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER!! skule og tek del i programmet «Barneskulen som samfunnsbyggar»

Arbeidsoppgåver:

  • Timeundervisning på 1.-7. trinn
  • Spesialundervisning og grunnleggande norskopplæring
  • Bidra til eit lærande fellesskap med elevane og med personalet.

Kvalifikasjonar: 

Må ha:
  • Utdanning som er godkjend for undervisning på 1.-7. trinn
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God framstillingsevne munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Formell spesialpedagogisk kompetanse
  • At ein har erfaring frå spesialpedagogisk undervisning i skulen
Personlege eigenskapar:
  • Du er ein god og tydeleg klasseleiar.
  • Du er engasjert i korleis ein kan skape eit god læringsmiljø, der både elevar og kollegaer lærer og utviklar seg.
  • Du er positiv og samstundes lojal mot felles avgjersler.

Anna:

  • Ledig frå 01.01.2024 til 31.07.2024

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Tore Foldnes
Rektor Ågotnes skule
Telefon: 55097804 eller 47235162

Magne Abelsen
Avdelingsleiar Ågotnes skule
Telefon: 55097803 eller 41206160

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
à  ygarden rà ¥dhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
329615320
Sist endret
01. des. 2023 03:05