Inaktiv

Sauda ungdomsskule søkjer

Arbeidsgiver
Sauda kommune Sauda ungdomsskule
Stillingstittel
Lærar
Frist
06.12.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Området oppvekst i Sauda Kommune består blant anna av tre barneskular og ein ungdomsskule. Til saman har grunnskulane i underkant av 600 elevar.

Sauda ungdomsskule har ledig eit vikariat i 100% stilling som lærar frå 01.01.24 til 31.07.24. Me søkjer difor etter ein utviklingsorientert og engasjert lærar som kan dekkje eit mangfald av behov på vår ungdomskule. 

Dersom det er søkjerar med rett fagkombinasjon kan det vera aktuelt med fast stilling.

Arbeidsoppgåver
Undervisning i ulike fag.
Bidra aktivt i det skulebaserte kompetanseutviklingsarbeidet
Samarbeid med føresette og kollegaer, og elles arbeid fell naturleg i ei lærarstilling

Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse i eit eller fleire av faga matematikk, engelsk, norsk og spansk.
Lærarar med kompetanse i andre fag kan også søkja.
Gode IKT-dugleikar. Sauda kommune brukar læringsbrett i opplæringa.
Me krev gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Me søkjer etter deg som 
- har evne til å utvikla ein god og støttande relasjon til kvar elev
- er opptatt av at læring skjer i eit sosialt, fagleg og inkluderande fellesskap.
- har ambisjonar på vegne av alle elevane
- motiverer til læring, er positiv og utviklingsorientert
- kan bruka teknologi i det pedagogiske arbeidet
- har samarbeids- og delingskompetanse
- kommuniserer godt med føresette, elevar, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar

Personlige dugleikar vil bli vektlagt.

Me kan tilby
Rettleiing for nyutdanna lærarar
Ein spanande og variert jobb
Pensjonsordning i SPK
Gode forsikringsordningar 

Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.

Søknad sendes
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.

Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no eller på telefon 52 78 62 00.

Velkommen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rà  à  à  à ¥dhusgata 32, 4200 Sauda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
329599341
Sist endret
24. nov. 2023 01:20