Dokumentasjonsforvaltar

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Dokumentasjonsforvaltar
Frist
13.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Seniorkonsulent 

I faggruppa for dokumentasjons- og systemforvaltning i HR-avdelinga er det ledig ei stilling som seniorkonsulent.

Dokumentasjonsforvaltingstenesta ved Universitetet i Bergen er på veg inn i ei ny tid der vi skal periodisera (avslutte) ein omfattande arkivperiode i sak-/arkivsystemet ephorte, og innføre nytt felles system for Universitets- og høgskulesektoren, UH sak (ServiceNow og Documaster). Vi søkjer ein framtidsretta dokumentasjonsforvaltar som kan bidra til å sikra god dokumentfangst og kvalitet i det gamle sak-/arkivsystemet, og som har røynsla og dei eigenskapane vi ser etter til å bidra til å bygga framtidas dokumentasjonsforvalting ved UiB.


Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte
  • Kvalitetskontroll og ordning av digitalt arkiv
  • Oppfølging og rettleiing av saksbehandlarar og leiarar
  • Prosesskartlegging og kartlegging av brukarane sine behov, for å sikra best mogleg kvalitet i arkivet i samband med utvikling av nye prosessbaserte tenester
  • Ta del i opplæring av tilsette, og skriving av rutinar og kunnskapsartiklar tilknytt prosessbaserte tenester i nytt sak-/arkivsystem
  • Driftsoppgåver som journalføring, kontroll av journal, avslutting av saker, skanning av post, og import av post/e-post. Det vil bli mindre manuell kvalitetssikring i det nye systemet

Gjennomgang og ordning av arkivmateriale i depot kan òg bli ei arbeidsoppgåve.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Praktisk røynsle frå områda elektronisk dokumentasjonsforvalting/elektronisk arkiv. Det er ei føremon om du og har teke del i periodisering og avslutting av arkiv
  • God generell IT-kunnskap og kjennskap til administrative datasystem
  • Røynsle frå andre offentlege organ er ein fordel
  • Må kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • Sjølvstendig, strukturert og effektiv
  • Serviceinnstilt, fleksibel, kvalitets- og resultatbevisst
  • Gode samarbeidsevner

Vi kan tilby:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr 548 600 – 604 900 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifisert søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Arkivleiar Terje Askvik (tlf. 55 58 34 81, Terje.Askvik@uib.no) eller driftskoordinator Monica Amundsen (tlf. 55 58 39 05, e-post: monica.amundsen@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stilling

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Nygårsgaten 5, 5015 Bergen
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Konsulent, Annet
FINN-kode
329595587
Sist endret
21. nov. 2023 02:50