60% stilling som assistent / fagarbeidar ved Tenesta for funksjonshemma, Eidesbrotet bufellesskap
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
- Stillingstittel
- 60% stilling som assistent / fagarbeidar ved Tenesta for funksjonshemma, Eidesbrotet bufellesskap
- Frist
- 18.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ledig fast 60 % stilling som assistent /fagarbeidar ved Eidesbrotet bufellesskap frå snarast.
Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 18 personar i bufellesskapet og i nærområdet. Vi skal yte tenester med god kvalitet og legge til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.
Vi ynskjer å vere fleksible med omsyn til turnusordning, og tek gjerne ein prat med deg om kva vi kan tilby.
Hovudarbeidsoppgåver:
Målretta miljøarbeid
Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver.
Yte tenester etter gjeldande vedtak
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi ser etter deg som:
kan arbeide sjølvstendig og i team
har gode samarbeidsevner
er fleksibel og positiv til endringar
trivest med å vere i fysisk aktivitet
Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa vert tillagt stor vekt. Det blir lagt vekt på at du er stabil og personleg skikka til stillinga.
Du må ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg
Vi kan tilby:
Ein spennande og lærerik jobb
Opplæring og rettleiing
Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Kvalifikasjonar for stillinga:
Vi søkjer primært etter fagarbeider, men andre med erfaring og interesse for faget og brukargruppa kan bli vurderte.
Krav:
Politiattest
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
- FINN-kode
- 329591652
- Sist endret
- 21. nov. 2023 02:35