Avdelingsleiar for Svingen og Reini bufellesskap

Arbeidsgiver
Tenester for funksjonshemma Svingen og Reini bufellesskap
Stillingstittel
Avdelingsleder
Frist
10.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Svingen og Reini bufellesskap er eit moderne bufellesskap, med 11 bustader på Svingen og 4 bustader på Reini


Tenesta har ansvar for tilrettelagte tenestar til menneske med ulike funksjonshemmingar i alle aldrar, med ulike bistandsbehov.


Me er opptekne av å gje gode tilpassa tenester til våre bebuerar, slik at den einskilde har ein aktiv og meiningsfull kvardag, opplever å ha råderett i eige liv og kjenner seg inkludera i eit fellesskap


Er du vår nye avdelingsleiar?


Me ynskjer oss ein leiar som er tett på dei tilsette , er fagleg dyktig og engasjera og som vil vere ein positiv pådrivar for å utvikle tenesta vidare.


Som leiar ynskjer du å skape ein kultur med fokus på godt arbeidsmiljø og høg etisk merksemd. Du legg til rette for læring, meistring og utvikling ved å involvere og gje ansvar til dine medarbeiderar.


Tenesta er organisert i verksemd tenester for personar med særlege behov saman med Integreringstenesta og Avdeling for psykisk helse og rus.


Arbeidsoppgåver:


  • Ansvar for dagleg drift av svingen bufellesskap og Reini
  • Fokus på tenesteutvikling, kompetanseheving, kvalitet og kontinuerlig forbetringsarbeid
  • Budsjett og økonomioppfølging i samarbeid med verksemdsleiar
  • Personalansvar- rettleiing, utvikling, oppfølging av medarbeiderar og rekruttering
  • Implementering av velferdsteknologi

Kvalifikasjonar:


  • Helse eller sosialfagleg utdanning på minimum bachelornivå
  • Ynskjeleg med formell og/eller uformell leiarkompetane
  • Kjennskap til brukargruppa
  • God framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskaper


  • Du kommuniserar på ein tydeleg og trygg måte, er samlande og har evne til å skape tillit
  • Du er ein lagspelar men er ikkje redd for å ta avgjersler når det trengs
  • Du har evne til å sjå løysingar framfor begrensningar
  • Du er fleksibel , strukturera og har gode administrative rutiner.
  • Du er engasjert, blid, har godt humør og bidrar aktivt til et positivt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing


Me kan tilby


  • Gode arbeidskollegaer
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Barnehage/skule i moderne nybygg med tilbod om gratis mat i skuletida
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til bustad

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.


Velkomen som søkjar!!

Sektor
Offentlig
Sted
3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
329587788
Sist endret
21. nov. 2023 01:50