Barne- og ungdomsarbeidar
- Arbeidsgiver
- Hå kommune Høyland skule
- Frist
- 05.12.2023
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Høyland skule søkjer barne- og ungdomsarbeidar til 80 % vikariat i perioden 3.1.2024 - 31.7.2024.
Høyland skule ligg på Høyland langs fylkesveg 44 nordvest for Nærbø sentrum og har i dag 102 elever og om lag 15 tilsette. Det er ein 1-7 barneskule. Høyland skule er ein god skule å gå på. Skulen har eit godt sosialt miljø med tydelege vaksne og elevar som veit kva som vert forventa av dei. Visjonen vår er: Høyland skule - trivsel og læring. Våre satsingsområde lesing, skriving og munnlege ferdigheiter i alle fag og dialogisk undervisning.
Kvalifikasjonar
- Godkjent BU-arbeidar utdanning
- Gode komunikasjonsevner, du må beherska norsk skriftleg og munnleg
- Du må vera løysingsorientert og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver
- Arbeida både i SFO og skulen
- Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Følgje opp enkeltelevar
- Støtte elevar i felles klasse
- Bidra i planlegging for ein god SFO
- Delta og bidra til eit lærande fellesskap på skulen
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Jærvegen 18, 4365 Nærbø
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 329583461
- Sist endret
- 21. nov. 2023 01:20