Miljøarbeider Helgestilling
- Arbeidsgiver
- Osterøy kommune
- Stillingstittel
- Miljøarbeider Helgestilling
- Frist
- 10.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Vi søkjer no etter miljøarbeidarar i helgestillingar på 26,41%. Stillingane er tilknytta 1 bebuar i bustaden. Stillingar er i arbeidsplan med langvaktar og med arbeid kvar 4. helg, kveldsvakt fredag og langvakt laurdag og søndag.
Vi søkjer etter deg som ynskjer å bidra til trygghet og skape rom for utvikling og vekst for ein som er sårbar og treng ein trygg overgang til vaksenlivet. Du må vere pliktoppfyllande, tålmodig, rolig og strukturert. Vi ser etter deg som har erfaring frå arbeid med autismespekterforstyrrelser, reguleringsvansker og psykisk helse. Du må vere god på å skape tillit og trygghet.
Vårt faglege arbeid er blant anna knytt til daglege omsorgsoppgåver, atferdsutfordringar, autisme, psykiske plager og vedtak etter helse- og omsorgstjenesteloven kap.9. Bebuar har 3:1 bemanning og krever tett oppfølging. Søkjer må vere inforstått med at arbeidet vil innebere handtering av fysiske utageringar. Vi ser etter deg som er motivert til å arbeide med mennesker som har ei atferd som utfordrer. Det vil bli gitt grundig opplæring i ulike situasjonar som kan oppstå. Vi ynskjer å vere ein attraktiv arbeidslass som er prega av trivsel og ansvarsbevisste medarbeidarar. Du vil bli en del av ei personalgruppe som er engasjert, inkluderande, løysingsorientert og har masse godt humør.
Arbeidsoppgåver
- Gje omsorg og personleg assistanse til brukar i tråd med individuelle behov og planar
- Delta i aktivitetar og stimulere til sosialt samvær
- Bidra til ein tryg og hyggeleg kvardag i bustaden
- Samarbeide tett med kollegaer og pårørande for å sikre kontinuitet i omsorgen
- Oppfølging av kap 9 vedtak
- Dokumentere og rapportere viktige observasjonar og hendingar
Praktiske gjøremål i bolig og andre delegerte oppgaver fra leder
Me tilbyr
- Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå KLP.
Kvalifikasjonskrav
- Høgskule, Fagarbeidere, Assistenter kan søkja, egnethet vil bli vektlagt
- Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og autisme er ein fordel
- Erfaring frå arbeid med kap 9 - tvang og makt er ein fordel
- Arbeidets art stiller krav til god fysisk og psykisk helse
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå tenestemottakarane
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstidar
- Kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg - Søkere utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftlig og muntlig gjennom bestått B2 norsk språkprøve, vedlegges søknad
- Førarkort klasse B er eit krav
Politiattest må fremlegges ved ansettelse
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Sted
- Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 329576496
- Sist endret
- 22. nov. 2023 03:05