Psykolog, 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Gulen og Masfjorden kommune. Tilsetjing psykolog, 100% fast stilling
Frist
17.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga 

Gulen og Masfjorden kommune har gjennom vertskommunesamarbeid ledig 100% fast stilling som kommunepsykolog. Stillinga er nyoppretta. Vi er på leit etter deg som vil bidra til kvalitet, utvikling og samhandling i tenestene. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, samt bonus på 100 000,- ved binding i to år. Mogleg med avtale om noko heimekontor dersom ynskjeleg/fleksibel arbeidstid.  

Arbeidsområdet vil vere i begge kommunane, og det er allereie fleire vertskommunesamarbeid mellom kommunane. Gulen kommune er vertskommune for denne stillinga. Kontorstad vert i Eivindvik og på Hosteland. Ein må pårekne noko reising. Det er dialog mellom kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden og Modalen om eit utvida samarbeid kring psykologtenesta i kommunane. Eit større fagfellesskap er ein viktig faktor, samt at ein får tilrettelagt for fagleg rettleiing. 


Bakteppe 

I begge kommunane er det einingsleiar ved eining helse som har ansvar for psykologtenesta, slik at dialog kring innsatsområde, prioriteringar osb. vil skje i dialog med dei to einingsleiarane. Arbeidsgivaransvaret for stillinga ligg til Gulen kommune. I tillegg til psykologtenesta har eininga også ansvar for andre kurative tenester, som til dømes legeteneste, helsestasjon, psykisk helse, fysioterapi og ergoterapi. Gulen og Masfjorden har frå før felles barnevernteneste, PPT, jordmorteneste og brannvern.

Alle kommunane i Region Nordhordland er medeigar i Helsehuset i Knarvik. Der pågår det eit samarbeid for eit breitt og fagleg fellesskap gjennom samarbeidsprosjektet "Fag- og tenestutvikling" ute i kommunane og i dei tilrettelagte møtearenaene i Helsehuset. I samarbeid med andre kommunar i regionen og spesialisthelsetenesta er det starta eit arbeid med utvikling av ein modell for kommunepsykologar i spesialisering (KOMPIS), der målet er å tilby psykologar spesialisering.


Arbeidsoppgåver 
  • Arbeidsoppgåvene i stillinga vil verte tredelt, med hovudfokus på fylgjande område:  
    • førebyggande og kurative tenester til innbyggjarane, både til individ og grupper
    • rettleing og fagstøtte til andre tenesteytarar og faggrupper i kommunen
    • plan- og utviklingsarbeid på systemnivå
  • Andre oppgåver ved behov

Kvalifikasjonar 
  • Offentleg godkjent psykolog/psykologspesialist
  • Det er ein fordel med med relevant klinisk erfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
  • Førarkort kl B

Personlege eigenskapar 

Vi ynskjer at du:

  • Har evne til å sjå heilskap og samanhengar
  • Er pliktoppfyllande, fleksibel, strukturert og løysingsorientert 
  • Har evne til å skape tillit hos brukarar og samarbeidspartnarar
  • Kan arbeide både sjølvstendig og samarbeide godt i team, og har gjennomføringskraft
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen og Masfjorden kommunar er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • Det vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Vi tilbyr
  • Konkurransedyktig løn, samt bonus på 100 000,- ved binding i to år. Bonusen vert utbetalt ratevis gjennom dei to fyrste åra.
  • Mogleg med avtale om nokon heimekontor dersom ynskjeleg/fleksibel arbeidstid 
  • Spanande og varierte oppgåver 
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Moglegheit for spesialisering
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å sjå etter bustad 

Sektor
Offentlig
Sted
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
329565727
Sist endret
21. nov. 2023 03:20