Digitaliseringsleiar
- Arbeidsgiver
- Herøy kommune
- Stillingstittel
- Digitaliseringsleiar
- Frist
- 12.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du leie arbeidet med å digitalisere kommunen, slik at vi yter betre tenester? Då er denne stillinga jobben for deg.
Digitaliseringa skal hjelpe oss med å fornye, forenkle og forbetre tenestene i alle sektorane våre. Vi ser etter ein pådrivar som er god til å få oversikt og har orden i sakene. Du er ein lagspelar som er nysgjerrig på kva behov dei mange tenestene våre har. Du er utolmodig nok til å sjå nye moglegheiter og tolmodig nok til å få med deg andre.
Du vil gjere jobben i samspel med heile organisasjonen og nabokommunane våre. Stillinga høyrer til kommunikasjonsavdelinga, ei av avdelingane i sektoren for verksemdstyring. Sektoren er navet i organisasjonen og staben til kommunedirektøren. Med andre ord: Her er du midt i smørauget i ein stor og svært allsidig organisasjon. Vi jobbar dessutan tett med dei andre kommunane på søre Sunnmøre. Og vi hentar stadig gode idear frå kommunar over heile landet.
Arbeidsoppgåver
- drive fram digitaliseringsarbeidet i kommunen
- utvikle og leie digitaliseringsrådet vårt
- representere oss i det interkommunale digitaliseringsrådet i regionen
- vere vår leveranseansvarleg overfor Søre Sunnmøre SSIKT
- følge opp systemeigarane i arbeidet med å gi tilsette rett kompetanse
- bygge opp og forvalte dokumentasjonen på bruken av digitale verktøy
Arbeidsoppgåvene vil bli endra etter kvart som behova og organiseringa endrar seg.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning
- svært god kunnskap om og interesse for digitalisering og IKT
- erfaring med å leie prosjekt
- kunnskap om offentleg forvaltning
- svært god organisasjonsforståing
Språket vårt er nynorsk. Om du ikkje kan nynorsk så godt, vil vi hjelpe deg med å lære det.
Personlege eigenskapar
- er sjølvstendig og samarbeider svært godt
- tar initiativ og har god gjennomføringsevne
- motiverer og inspirerer andre
- er systematisk, analytisk og målretta
- formidlar svært godt, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø
- sjansen til å vere med på å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt
- høve til å utvikle deg sjølv og stillinga
- løn etter avtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- fleksibel arbeidstid
Vi tilset etter dei vilkåra som går fram av både tariffavtalen og ulike lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Søkarlista er offentleg.
Kontaktinformasjon
Trond Arne Aglen, Kommunedirektør, 93267684Svein Arne Orvik, Kommunikasjonssjef, +47 93806923
Arbeidsstad
Rådhusgata 56090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4732802015
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2023
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Prosjektledelse, Rådgivning
- FINN-kode
- 329561224
- Sist endret
- 21. nov. 2023 12:50