Inaktiv

100% stilling som helsefagarbeidar ved Røldal pleie- og omsorg

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg
Frist
05.12.2023

Beskrivelse

Helsefagarbeidar 100 % fast stilling i heimesjukepleien i Røldal
Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har omlag 10 900 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.
Ledig fast stilling som helsefagarbeidar - stillingsstorleik 100 %

Om arbeidsplassen:
Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune, om du er glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn er dette kanskje plassen for deg.
Me treng no ein helsefagarbeidar til heimetenesta i Røldal. Tenesta inkluderer heimebuande og bebuarar i omsorgsbustader. Tenesta er samla på eit lite område i Røldal, der desse tilboda ligg tett ved kvarandre. Heimetenesta har basen sin i bygget som tidlegare var sjukeheim. 6 av omsorgsbustadene (bukollektivet) ligg i dette bygget, og bebuarane får sine tenester som heimebuande der. Heimesjukepleien i Røldal yt tenester til ca 30 brukarar, ein ynskjer at brukarane skal oppleva respekt, tryggheit og forutsigbarheit i tenesta. Samtidig ynskjer me at brukarane skal ha ei oppleving av sjølvstendigheit og meistring. Heimesjukepleien skal yta lovpålagde tenester til brukarar i alle aldrar, men dei fleste brukarane er eldre med ulike behov.
Stillinga har i utgongspunktet arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver:
● Tilsyn, stell og pleie og oppfølging av brukarar etter vedtak og behov
● Oppgåver knytt til legemiddelhandtering
● Førefallande arbeid på basen/bukollektivet, noko oppgåver knytt til ernæring og tilbereding av måltid på bukollektivet
● Besvare tryggheitsalarmar frå omsorgsbustadene og ellers på bygda
● Bistå kollegaer ved tyngre oppgåver
● Dokumentasjon og overføring av informasjon

Ynskte kvalifikasjonar:
● Skriftleg og munnleg norskkunnskap
● Autorisert helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar eller assistent
● Gode digitale ferdigheiter
● Gode kommunikasjons-eigenskapar

Me ynskjer deg som har/er:
● Godt humør og positiv innstilling
● Gode samarbeidsevner men og sjølvstendig i arbeidet
● Fleksibel, strukturert og effektiv

Personlege eigenskapar:
● Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
● Sjølvstendig og bevisst sitt ansvarsområde

Me tilbyr:
● Varierte arbeidsoppgåver
● Lønn etter hovudtariffavtalen
● Me er behjelpelege med å skaffe/ leige husvære. Kommunen dekker kostnader inntil kr 7500 pr/mnd i husleige dei 3 første månadane.
● Moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:
● Politiattest
● Førarkort klasse B
● Gode norskkunnskaper, både skriftlig og muntlig


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
329549105
Sist endret
21. nov. 2023 09:20