Lærar

Arbeidsgiver
HÃ¥ kommune Ogna skule
Frist
11.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

På Ogna skule er det ledig ei fast 100 % stilling som lærar frå 1.1.2024. Aktuelle klassesteg er 1.- 4. trinn, men oppgåver på andre trinn kan også vere aktuelt.

Ogna skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 256 elevar og ca. 40 tilsette. Her er det kjekke elevar og eit godt arbeidsmiljø. Skulen ligg nær togstasjonen.

Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning
- God IKT- kompetanse
- Gode kommunikasjonsevner

Personleg eignetheit og relevant erfaring kan kompensera for manglande kvalifikasjonar, men utan å vera kvalifisert, kan ein ikkje få fast stilling. Me kan tilpassa timeplanen til studentar.

Arbeidsoppgåver
- Planlegge og lede elevane si læring saman med andre lærarar på trinna
- Arbeide for et trygt og inkluderande læringsmiljø
- Følge opp elevane si læring og progresjon
- Bidra aktivt for å utvikle eit godt lærarsamarbeid og eit lærande fellesskap på skulen

Personlege eigenskapar
Me ønsker at du er god på relasjonar, og at du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar. Du kan arbeide sjølvstendig, samtidig som du evner å samarbeide med kollegaer og føresette. Du må vera løysingsorientert, engasjert, positiv og ha godt humør.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Kyrkjeberget 2, 4364 Sirevåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
329545582
Sist endret
21. nov. 2023 08:50