Miljøterapeut - 83% fast

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut - 83% fast - Stallanemarka burettslag
Frist
04.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vi har ledig ein 83% fast stilling for ein miljøterapeut i turnus med arbeid kvar 4. helg, ved Stallanemarka burettslag.

Arbeidsoppgåver

Som miljøterapeut ved Stallanemarka burettslag skal du delta i tenesteytinga, og vere drivar for kvalitetsutvikling og kontinuerlig forbetring av tenestene. Du har ansvar for oppfølging av helsetenester og miljøtiltak, samt godt samarbeid med pårørande/verje. Ei sentral oppgåve vil vere utvikling og oppdatering av mål, planar og tiltak, samt opplæring, rettleiing av kollegaer.

Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktører.

Primærkontakt for ein eller fleire brukarar, herunder kontakt med familie, koordinering eller deltakelse i ansvargrupper, utarbeiding av konkrete handlingsplanar og tiltak i henhold til mål for bebuarane.


Om avdelinga

Stallanemarka burettslag ligg sentralt til, like ved Knarvik senter med gode bussforbindelser. Det er bustaden til 10 personar med ulike bistandsbehov. Stallanemarka er ein god stad å vere ny, og den tilsette blir teke godt imot.

Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for bebuargruppa og eit godt humør.

Det er ein erfaren og kompetent personalgruppe, som består av fleire dyktige medarbeidarar med ulik fagkompetanse og erfaring. 
Målet vårt er å skape tryggleik, gje tenester av høg fagleg og etisk kvalitet, og gje personane gode opplevingar.


Kvalifikasjonskrav

- 3 årig helse- og/eller sosialfagleg, eller pedagogisk høgskoleutdanning
- erfaring frå brukergruppa


Kven ser vi etter?

Vi ser etter ein god kollega som bidrar til positiv arbeidskultur og godt arbeidsmiljø. Du har eit positvt menneskesyn, godt humør, høg etisk bevissthet og evne til kritisk refleksjon. Du har engasjement til empati og evne til å sjå den einskilde brukar. 

I ein travel kvardag kan du evne og prioritere og har gode samarbeidsevner. Du er fagleg engasjert og reflektert, og bidrar inn i arbeidsfelleskapet. Ønskjer og at du har god fysisk og psykisk helse.

 


Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi tilbyr
  • Vi tilbyr arbeid i eit godt tverrfagleg miljø
  • Ein variert arbeidskvardag med interessante faglege utfordringar
  • God pensjonsordning
  • Personleg og fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagleg kursing
  • Lønn etter tariff
  • Ein inkluderande arbeidsplass

Sektor
Offentlig
Sted
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
329545569
Sist endret
21. nov. 2023 08:50