Helgestillingar

Arbeidsgiver
Sveio kommune
Stillingstittel
Helgestillingar
Frist
10.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sveio Kommune har ca 5500 innbyggarar og ligg tett opp mot Stord i nord og Haugesund i sør. Sveio omsorgssenter er eit moderne bygg opna i 2010 med flott utsikt over Sveio sentrum. Omsorgssenteret ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot nye tilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivst og føler deg trygg i avdelinga. Sveio omsorgssenter har 3 avdelingar med til saman 42 plassar. Det er ledige helgestillingar med arbeid 3. kvar helg. Stillingane er ledig for tiltreding. Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med mange flotte bilete av kvardagen hjå oss. 



Arbeidsoppgåver

Varierte oppgåver og stor variasjon i behandling til gruppa me gir tenester til. Mange spennande faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Me nyttar CosDoc som elektronisk journalsystem. Me er kobla opp mot Helsenett og elektronisk kommunikasjon med fastleger og spesialisthelsetenesta. Me bruker multidosesystem i forhold til medisinering. 

Kvalifikasjonar

• Autorisasjon som helsefagarbeidar eller sjukepleiarstudentar. Andre kan og søkje.
• Personlege eigenskapar
• Tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk

Personlege eigenskapar

• Er fleksibel og løysingsorientert
• Initiativrik
• Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
• Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus. 
• Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø. 

Vi tilbyr

• Årsturnus 
• Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø. 
• Gode høve for fagleg og personleg utvikling. 
• Faste sosiale arrangement 
• God offentleg pensjonsordning 
• Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. 

Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Camilla Selbak, Einingsleiar Pleie- og omsorg, 53 74 82 30/951 54 037

Arbeidsstad

Sveiogata 70

5550 SVEIO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune



Referansenr.: 4734493718

Stillingsprosent: 17%

Fast

Søknadsfrist: 10.12.2023


Sektor
Offentlig
Sted
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
329542191
Sist endret
21. nov. 2023 08:20