Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Sengepost for kirurgi og ortopedi i Kristiansund
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
14.01.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer deg som er klar for ein spennande, variert, tidvis hektisk arbeidskvardag med mykje godt humør til å kome å jobbe sammen med oss på sengepost for kirurgi og ortopedi i Kristiansund.

Vi har ledig faste stillingar for sjukepleiarar. Arbeidstida inneber p.t. turnus med arbeid kvar tredje helg. Ev kvar 4. helg med 12 timars-vakter. Vi kan og legge tilrette for stilling med turnus NATT og arbeid kvar 4. helg.

Er du nyutdanna, er dette ein god plass å få god fagleg erfaring.  Vi tilbyr mentorordning i inntil 6 månedar.
Sengepost for kirurgi og ortopedi er ein tverrfagleg seksjon med særleg fokus på ortopedisk akutthjelp, ortogeriatri for pasientar med lågenergibrot, elektiv urologi, sjukepleiepoliklinikkar (osteoporose, infusjon, pre-operative førebuing) og infeksjonspasientar. Sengeposten greiar ut, behandlar og pleiar pasientar innafor desse fagområda og har totalt 15 sengeplassar.       
Sengeposten er ein spennande arbeidsplass der du som sjukepleiar får varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.  Vi legg stor vekt på trivsel og godt arbeidsmiljø.  Vi ynskjer oss fagleg engasjerte tilsette med sans for travle dagar.  Det er viktig for oss at alle trivst på jobb med kollegaene sine.  Difor vil vi ta godt imot deg som nytilsett.  

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025.  Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. På veg mot nytt sykehusbygg skal vi saman utvikle ein arbeidsplass som skal ivareta både pasientane, pårørende og tilsette.  Arbeidsstad er ved Kristiansund sjukehus. Når det nye sjukehuset står ferdig på Hjelset, blir det din nye arbeidsstad.
Sengeposten har erfarne tillitsvalde frå Fagforbundet og NSF, og har eit godt fungerande verneombod som i samarbeid med leiinga arbeider for eit godt arbeidsmiljø.

Vi har fleire ledige stillingar for sjukepleiar og ser fram til å få søknaden din – tilsetjing vil skje fortløpande.



Arbeidsoppgåver

  • Utføre sjukepleie som inkluderer heilskapleg dokumentasjon og administrasjon av medikamenter etter forordning og delegerte oppgåver
  • Ivareta forsvarleg medikamenthandtering og legemiddelsamstemming
  • Rettleie og orientere pasientar og pårørande
  • Studentrettleiing
  • Opprette og oppdatere elektronisk pasientjournal, og sjå til at denne inneheld problem, tiltak og fortløpande evaluering. Dette inkluderer også å sjå til at e-meldingar til kommunalt tenestenivå til ei kvar tid er oppdatert
  • Vere kjend med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningsliner
  • Sette seg inn i bruken av sengeposten sitt medisinsk-tekniske utstyr
  • Samarbeide tverrfagleg på ein profesjonell måte
  • Medverke til utvikling av SNR med fokus på fag og det utadvende sjukehus
  • Ta medansvar for eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeid med andre faggrupper

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du samarbeider godt med kollegaene dine
  • Du trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo 
  • Du har evne å arbeide strukturert og sjølvstendig, både individuelt og i team
  • Du har interesse for kirurgisk/ ortopedisk sjukepleie, e-helse og digitalisering
  • Du er fleksibel og viser vilje til endring
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Hjå oss er det viktig at du trivst med arbeidsoppgåver og miljøet, difor legg vi vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • God opplæring av nytilsette, internundervising, temadagar og individuell opplæring
  • Ein inkluderande arbeidsplass og godt tverrfagleg samarbeid
  • Høgt fagleg nivå og eit sterkt forskingsmiljø
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Prøvetid  6 månader
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Attestar og vitnemål samt to referansar skal leggast ved søknaden i Webcruiter. 

Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Anne Mari Grønseth, Konstituert seksjonsleiar, 99108529, anne.mari.gronseth@helse-mr.no

Arbeidssted

Herman Døhlens vei

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4702647914

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.01.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
329537746
Sist endret
13. des. 2023 07:35