Helsefagarbeidar, helgestillingar (natt)

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
MIljøtenesta. Tilsetjing fast 2x15% helgestillingar (helg) frå snarast
Frist
10.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga 

Miljøtenesta gjev tiltak og teneste til menneskjer med psykisk utviklingshemming. Tilbodet omfattar alt frå tenester heile døgnet til lettare miljøtenester for andre. Nokre av brukarane får sine tenester med utgangspunkt i eigen bustad.

Gulen kommune har i dag ledig 2 x 15% faste helgestillingar i turnus på natt som helsefagarbeidar ved Miljøtenesta, frå snarast. Mljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand i heile kommunen. Desse stillingane er i utgangspunktet knytt til Dalsøyra, men arbeid andre stadar kan også verte aktuelt. 


Kvalifikasjonskrav
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert.
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 
  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og bidra til å skape ein trygg og god kvardag for dei.
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
329536602
Sist endret
21. nov. 2023 07:20