Avdelingsleiar Florø sentrum heimeteneste

Arbeidsgiver
Kinn kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar, Heimeteneste Sentrum
Frist
05.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du vår nye avdelingsleiar?

Trivast du i eit aktivt arbeidsmiljø og ønsker du å bidra til ein betre kvardag for
våre brukere?
Florø Sentrum Heimeteneste har base i Markegata 55. Markegata 55 er ein heildøgnsbemanna omsorgsbustad og ikkje ein
institusjon. Det vil si at her bur det brukarar som har ulike behov for bistand
i kvardagen. Vi yter heimebaserte tenestar til bebuarar på HDO og
innbyggjarar som bur sentralt i dette området.  Vi fokuserer på aktivitet,
trivsel, rehabilitering, og har veldig tru på tverrfagleg samarbeid. I tillegg
får du engasjerte kollegaer og eit godt mangfoldig fagmiljø.



Arbeidsoppgåver

Stillinga er delt mellom leiing og drift 50/50

Arbeidsoppgåver:

  • Har det daglege ansvar og oppfølging av tilsette inkludert bemanning
  • Tett samarbeid med tenesteleiar, og deltar på ukentlege møter
  • Har medansvar på å finne gode driftsmessige løysingar
  • Samarbeide med ulike interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Sikre at kommunens verdier etterlevast i eiga og ansattes praksis
  • Må være innvolvert i dei faglege prosessane rundt kvar enkelt tenestemottakar og veilede ansatte i den utstrekning det er nødvendig
  • Delta i utarbeiding av årsturnus
  • Oppfølging av sjukemeldte tilsette
  • Ta faglege avgjerder i samarbeid med tilsette.
  • Du får vere med på å vidareutvikle tenesta, og bygge eit godt og faglig sterkt arbeidsmiljø.
  • Du blir med på omdømmebygging av tenesta, og er medansvarlig for at kvaliteten på tenester som skal utøvast til brukerane er gode, og samsvarar med dei mål Kinn kommune og omsorgstenesta har satt.

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent sjukepleiar
  • Det er ønskelig at du har relevant leiarerfaring og utdanning, men ingen krav
  • Du har god økonomisk innsikt
  • Du har erfaring med utforming og oppfølging av turnus
  • Du må ha god datakompetanse, og kunne tileigne deg bruk av våre fagsystem
  • Det er ønskelig at du har erfaring med arbeid med mennesker, og gjerne med medisinsk tilleggsdiagnoser

 

I tillegg er det ønskeleg med:

  • Kompetanse og kjennskap til ulike kommunikasjonsverktøy,
  • Kunnskap om eller interesse for velferdsteknologi 

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å tidvis jobbe med høgt press på arbeidsoppgåver og evner å gjøre gode prioriteringar
  • Du har gode samarbeidsevner, evne til å motivere andre og skape vekst og utvikling hos medarbeiderane
  • Du er utviklingsorientert og modig, med evne til å tenke nytt
  • Du er strukturert og kan følgje opp og igangsette nødvendige endringsprosessar
  • Du er ein god bidragsytar i tenesta 
  • Du er fleksibel, kreativ og løysingsorientert
  • Du er lojal, likar å ha ansvar og tek ansvar

Vi tilbyr

  • Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer avdelinga
  • Hyggelig og flinke medarbeiderar og kollega
  • Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning 
  • Vi legg til rette for vidareutdanning og kompetanseutvikling
  • God pensjonsordning i KLP og konkurransedyktige lønsvilkår

Kontaktinformasjon

Anette Færestrand, Tenetseleiar Heimeteneste Senrum, 48252639, anette.farestrand@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Markegata 55

6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4733011186

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 02.01.2024

Søknadsfrist: 05.12.2023


Sektor
Offentlig
Sted
Markegata 55, 6900 Florø
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
329536599
Sist endret
27. nov. 2023 10:05