Inaktiv

Assistent

Arbeidsgiver
Seksjon for forsyning og interntransport SNR
Stillingstittel
Assistent
Frist
05.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledige faste 100% stillingar frå 01.01.2024 for tida ved Molde sjukehus.

Seksjon for forsyning og interntransport SNR høyrer til Avdeling for logistikk og forsyning. Seksjonen sine ansvarsområde er drift av lager, aktiv forsyning og interntransport, sengesentral og tekstil. Seksjonen har tilsette i Molde og Kristiansund.

Med fokus på kundebehov og kvalitet skal våre støttetenester legge til rette for god og trygg pasientbehandling. Har du bakgrunn innan logistikk, og ønskjer ein interessant og meiningsfull arbeidskvardag, då kan dette vere stillinga for deg. 

Nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under utbygging på Hjelset og skal delvis takast i bruk i løpet av 2024 og med ferdigstilling i 2025. 

Vitnemål, attestar/tenestebevis, fagbrev må scannast og lastast opp som vedlegg til søknad/CV.



Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver knytt til tekstilhandtering
  • Internvaskeri
  • Reingjering av senger
  • Klargjering av garderobeskap

Kvalifikasjonar

  • Erfaring innan nemnde fagområder
  • Gjerne erfaring innan helse- og sjukehusdrift
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Gode generelle datakunnskapar

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vert vektlagde:

  • Strukturert, effektiv og nøyaktig
  • Løysingsorientert og gode samarbeidsevner
  • Punktleg, stabil og påliteleg
  • Ryddig og systematisk
  • Sjølvgåande og initiativrik
  • God helse og fysikk

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Kari Helen Hoem Hagen, Konstituert seksjonsleiar, 99080419, Kari.Helen.Hoem.Hagen@helse-mr.no

Arbeidssted

Parkvegen 84

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4734587808

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.01.2024

Søknadsfrist: 05.12.2023


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Logistikk og lager, Koordinering, Kontor og administrasjon
FINN-kode
329536581
Sist endret
21. nov. 2023 07:20