Er du bioingeniør og vil jobba i eit av dei vakraste områda i Noreg?
- Arbeidsgiver
- Laboratoriet Odda, Helse Fonna HF
- Stillingstittel
- Bioingeniør
- Frist
- 10.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ønskjer du ein kjekk og variert arbeidsdag der ingen arbeidsdag er lik? Då kan dette vere den rette arbeidsplassen for deg!
Laboratoriet i Odda er ein del av avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna, og no har vi ledig 100 % stilling for bioingeniør i turnus.
Vi har ein arbeidskvardag med høgt tempo. Vi har fagleg engasjerte medarbeidere, og her kan du vere med å påverke arbeidskvardagen og bidra til endring og kvalitetsforbetring. Blodbanken hos oss er akkreditert etter ISO15189 og vi jobbar mot akkreditering av resten av laboratoriet.
Odda sjukehus er eit mindre akuttsjukehus der arbeidsforholda er relativt små. Dette gir rom for eit godt tverrfagleg samarbeid med alle dei ulike avdelingane og poliklinikkane. Laboratoriet er døgnbemanna, og turnus er todelt. På dagtid rullerar arbeidssoppgåvene mellom blodbank, medisinsk biokjemi og prøvetaking. På vakt er ein aleine så det er ein fordel om du likar å ha ansvar!
Vi er ein samansveisa gjeng som likar å ha det kjekt på jobb.
Høyres dette interresant ut? Ta kontakt for ein uformell prat eller send inn ein søknad!
Odda ligg i Sørfjorden i Hardanger og er kjent som eit av dei vakraste områda i Noreg. Du finn fotturar i alle kategoriar - Trolltunga er berre eitt eksempel på kva Odda sin natur kan tilby. For den som ønskjer andre utfordringar finn du blant anna; brevandring, kajakk, sykkelturar, fruktgårdar, museum og festivaler.
Arbeidsoppgåver
- Blodbankarbeid: blodtypeserologi, tapping av blodgivarar, framstilling og utlevering av blodkomponenter.
- Analysere blodprøvar og kroppsvæske innan klinisk kjemi, hematologi og koagulasjon.
- Blodprøvetaking av polikliniske-, inneliggjande- og ØH-pasientar.
- Utføre enkle mikrobiologiske analysar.
- Mottak og sending av prøver.
- Delta i vaktordning.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Ha grunnleggjande IKT-kompetanse
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
Personlege eigenskapar
- Faglig engasjert
- Lærevillig og motivertr
- Strukturert og sjølvstendig
- Nøyaktig og arbeidsom
- Likar å arbeide i team
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, randi.djønnehelse-fonna.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4719728127
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2023
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Ingeniør, Annet
- FINN-kode
- 329449869
- Sist endret
- 20. nov. 2023 01:51