Vitskapleg assistent tilknytta Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Vitskapleg assistent, Institutt for politikk og forvaltning
- Frist
- 11.12.2023
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitskapleg assistent
Det er ledig 20 % stilling som vitskapleg assistent tilknytta Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA), eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter ved Institutt for politikk og forvaltning. Stillinga lysast ut for 12 månader. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Arbeidsoppgåver:
Vil inkludere oppgåver i tilknyting til arbeid med
- Gjennomføre litteratursøk
- Finskriving og klargjering av litteraturlister
- Anna teknisk arbeid knytt til referansar
- Andre administrative oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Bachelorgrad i biblioteks- og informasjonsvitskap (andre relevante studiar kan bli vurdert).
- Erfaring som bibliotekar
- Erfaring med litteratursøk
- Det er ein føremon om du har erfaring innan forskingsstøtte.
- Det blir sett krav til svært gode språkkunnskapar i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg.
- God administrativ IT - kompetanse
- Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og resultatorientert er viktig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Høg arbeidskapasitet
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Spennande stilling med fleksible arbeidstider
- Løn som vitskapleg assistent, st.kode 1019, kr 414 200, -. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida.
Søknadsfrist: 11. desember 2023. Søknaden skal merkast 23/16236.
Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til senterleiar Marit Skivenes. E-post: Marit.Skivenes@uib.no. Telefon: +47 959 24 979.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- postboks 7802, 5020 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Annet, Kontor og administrasjon, Saksbehandler
- FINN-kode
- 329447821
- Sist endret
- 21. nov. 2023 07:06