Inaktiv

Lege i spesialisering - Radiologi

Arbeidsgiver
Radiologi Ålesund og Volda - legar, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering Radiologi
Frist
19.12.2023

Beskrivelse

Radiologisk avdeling Ålesund søkjer lege i spesialisering.

Vi har fleire kollegaer som er i gruppe 1-tjeneste, og har derfor ledig 2 x100 % fast stilling og 3 x 100 %  vikariat for lege i spesialisering innan radiologi.
Det er gode høve til forlenging av vikariat. Snarleg tilsetting er ønskeleg, evt oppstart etter nærare avtale med seksonsleiar. Intervju vil bli gjort fortløpande. 

Radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus har 20 legestillingar, der 8  LIS og 12 er overlegar, og med eit stadig aukande behov for fleire radiologar. Avdelinga har ein god kombinasjon av nye og erfarne overlegar, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søker deg som liker faglege utfordringar, er lærevilleg og kan medverke positivt både fagleg og sosialt.

Ålesund sjukehus er det mest differensierte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim, med vaktfunksjon innan dei fleste spesialitetane. Kreftavdelinga er den eineste i fylket. Barneavdelinga er den største i fylket og har og eigen nyføddintensiv. Ålesund sjukehus har helikopterbase og AMK har lokaler inne i sjukehuset. Hos oss får du dekka store deler av både 3a og 3b læringsmål innanfor spesialiteten radiologi. Som LIS i radiologi ved Ålesund Sjukehus får du ei brei og solid fagleg base i spesialiseringsforløpet!  
I tillegg til diagnostikk og intervensjonr på CT, MR, UL og konvensjonell røntgen har vi eige brystdiagnostisk senter der det er samarbeid mellom radiologi og kirurgi.  Vi har ein topp moderne angio-/intervensjonslab der det blir utført både generelle og avanserte intervensjoner (inkludert EVAR). I tillegg har avdelinga to legar og ein fysikar som driv aktivt med forsking, og det er gode høve for å søke forskningsmidlar frå helseforetaket.

Ålesund og området rundt er eit eldorado av fjell og sjø og kan nyttast til fritidsaktivitetar, sommar som vinter.
Sjøen ligg nært og byr på fine opplevingar både sentralt, og i områda rundt Ålesund. Byen kan også by på kulturelle opplevingar, og dei siste åra har vi hatt mange konsertar med store, internasjonale artistar.  Flyplassen ligg sentralt, ca 25 min fra sjukehuset, med flere daglege avgangr til ulike destinasjonar, både i inn- og utland. Sjå meir her

 Vi ber om at attestar/tenestebvis frå evt tidlegare tilsettingar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

  • LIS ved radiologisk avdeling i Ålesund går 8-delt vakt, tilstadetid 24/7. Overlege er bakvakt med heimevakt på natt og heimearbeidsstad tilgjengeleg ved behov. På dagtid roterar LIS mellom vakt, CT/MR, ultralyd, gjennomlysning og fordjupningsdagar i tråd med avtale. 
  • Det er avsett tid til internundervisning i samarbeid med radiologisk avdeling i Volda kvar veke.  
  • Fast vegleiar blir tildelt ved oppstart, og du får ein konkret opplæringsplan dei 2 første månedane før oppstart med sjølvstendige vakter. 
  • Avdelinga har avtale med St.Olavs hospital og Oslo Universitetssykehus for gupp.1-tjeneste. Det er også høve for å gjennomføre gruppe 1 ved andre universitetssjukehus.  

Kvalifikasjonar

  • Gyldig norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnustjeneste etter gammal ordning
  • Tidligare tjeneste ved radiologisk avdeling vil bli vektlagt
  • Gode norskkunnskaper, skriftleg og muntleg 

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert og lærevillig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsevner
  • Trives med teamarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Personlig eignethet blir vektlagt  

Vi tilbyr

  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar
  • Fordjupningstid svarende til 4 timer per veke plassert i turnusen
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Kontaktinformasjon

Ingunn Petrine Flo, Seksjonsleiar, 91353606, ingunn.petrine.flo@helse-mr.no

Tom Atle Solberg, Seksjonsleiar, 97165755, Tom.Atle.Solberg@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4734536544

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 19.12.2023


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / LIS
FINN-kode
329447725
Sist endret
27. nov. 2023 11:50