Barne- og ungdomsarbeidar / assistent i Aurland barnehage

Arbeidsgiver
Aurland kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar / assistent i Aurland barnehage - 2. gongs utlysing
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Aurland kommune har eit ledig vikariat på 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar / assistent frå 01.12.2023 – 14.08.2024 i Aurland barnehage. Barnehagen sto ferdigstilt i mars 2022 og er ein funksjonell og moderne barnehage. Den ligg fint til nær skule, bibliotek, fleirbrukshall og gode turområde.  Næraste nabo er Sogn jord og hagebruksskule med mange ulike dyr. Aurland barnehage har fire avdelingar med 17 tilsette og 51 barn.


Arbeids- og ansvarsområde

-omsette teoretisk kunnskap i praksis

-ha kunnskap om relevant lovverk

-ha kunnskap om måla til barnehagen, og bidra til å nå desse

-ha kjennskap til sentrale overordna dokument


Me tilbyr
  • Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Løn etter tariff 
  • Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • Gratis inngang til symjehallen (etter kl. 20.00) 
  • Hjelp til å skaffe bustad 
  • Hjelp til å skaffe jobb til partnar 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.


Kvalifikasjonar

-Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

-Erfaring frå arbeid med barn kan erstatte fagbrev


Personlege eigenskapar

Vi vil at du skal:

-vere ein tydleg rollemodell

-vere  fokusert på gode løysingar

-ta initiativ til det daglege arbeidet

-vere fleksibel og open for endringar

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår
  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovver, reglement og tariffavtale.
  • gode pensjons- og  forsikringsordningar

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen 9, 5745 Aurland
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
329441549
Sist endret
20. nov. 2023 12:51