Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Arbeidsgiver
Sengepost barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Frist
04.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi ønskjer å ha med deg på vårt lag!

Sengepost for barn og undgdom har ledige stillingar for sjukepleiar/pediatrisjukepleiar.
2 x 50% fast stilling frå 10.02.24
1 x 50% vikariat frå 08.01.24 -15.09.24
1 x 100% vikariat frå 08.01.24 - 15.09.24

Vi har pasientar fra 0 – 18 år innen alle fagfelt, både barnemedisin, kirugi, ortopedi, ØNH, gynekologi m.fl. Sengeposten har 18 sengeplasser, to luftsmitteisolat og ei rehabiliteringseining. Vi er og ei mottaksavdeling med mottak av barnemedisinske pasientar på post.
Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit positivt og fagleg engasjert arbeidsmiljø.
Ved interne omrokkeringar og endringar kan andre stillingsbrøkar verte ledige.

Er dette noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleieoppgåver til akutt og kronisk sjuke barn og ungdom 0-18 år.
  • Pre- og postoperativ sjukepleie til barn
  • Opplæring og undervisning av barn og pårørande
  • Sjukepleieadministrative oppgåver
  • Legemiddelhåndtering
  • Rettleiing av studentar og kollega
  • Ta del i og bidra til kontinuerlig forbetringsarbeid
  • Sjukepleieprosedyrer

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Videreutdanning i barnesjukepleie prioriteres
  • Tidligare erfaring frå arbeid med barn vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Arbeide sjølvstendig og i team
  • Evne til å handtere stressande situasjonar og samtidig opptre roleg overfor pasient og pårørande
  • Fagleg engasjert
  • Ansvarsbevisst
  • Vilje til medverke til eit godt arbeidsmiljø 

Personlig eigenskapar vert vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Interessante arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
  • Eit godt arbeidsmiljø der personalet arbeider tett saman og er gode på å hjelpe og støtte kvarandre
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Fleksiplan, turnus går over 12 uker
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Pensjonsordning og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her

Kontaktinformasjon

Irene Takvam, Seksjonsleiar, +47 70 10 76 66, Irene.Takvam@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4732222752

Stillingsprosent: 50, 100%

Vikariat, Fast

Søknadsfrist: 04.12.2023


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
329441508
Sist endret
20. nov. 2023 12:51