Sjukepleiar ved Aurland helsetun
- Arbeidsgiver
- Aurland kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar ved Aurland helsetun - vikariat 2. gongs utlysing
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Ein av medarbeidarane har permisjon. Me har difor ledig eit vikariat i 100% stilling som sjukepleiar ved Aurland helsetun frå snarast til 16.08.24. Vikariet kan bli forlenga mellom anna på grunn av ferie.
Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, kortid/langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. Me har lyse og trivelege omgjevnader med gode fasilitetar og utstyr. Me har eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.
Aurland helsetun er organisert under kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen.
Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.
Håpar at du vil bu i den fine kommunen vår, passar det likevel ikkje for deg, så søk stillinga likevel.
Me kan prøve å tilpasse vaktene slik at du kan pendle.
Arbeids- og ansvarsområde
- varierte arbeidsoppgåver mellom anna som pasientansvarleg sjukepleiar
- faglege oppgåver som: medikamenthandtering, lindrande behandling, kateter, sårstell og miljøarbeid
- observasjon og behandling
- vurdering og kartlegging av behov
- dokumentering og rapportering i journalsystemet Visma profil
- registrering av pasientopplysningar i systema IPLOS og ADL
- rådgjeving og rettleiing av kollegaer, studentar, pasientar og pårørande
- tverrfagleg samarbeid med andre som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre samarbeidspartnarar
I tillegg kan avdelingsleiaren delegere fleire interessante oppgåver.
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter etter tariff, med 35,5 timar per veke
- ekstra laurdag og søndagstillegg
- funksjonstillegg til praksisrettleiar
- timeløn 1/3 ved eventuell heimevakt
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen (etter kl. 20.00)
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe jobb til partnar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du bør ha erfaring frå arbeid med brukargruppa, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
- Du bør kommunisere og snakke godt norsk
Me oppfordrar studentar om å søke.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Me søkjer deg som er fleksibel og løysingsorientert. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. Me vonar du har godt humør, er til å stole på, og er engasjert. Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar, og i tillegg brenn for faget - då ynskjer me deg velkomen på laget vårt.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg. Dette etter ditt ynskje
- krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkjar i Aurland kommune.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 329439173
- Sist endret
- 20. nov. 2023 12:35