Sjukepleiar eller vernepleiar
- Arbeidsgiver
- Tysnes omsorgssenter
- Stillingstittel
- Ledig stilling som sjukepleiar
- Frist
- 03.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg som stod ferdig i 2017. Me er oppteken av pasientnært
arbeid, og Hospital IT er eit av hjelpemidlane som gjev oss meir kvalitetstid med
bebuarane.
Tysnes omsorgssenter består av 30 institusjonsplassar, plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald og dagsenter for personar med demens. Me har óg ein KAD-plass der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus.
Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester og eit heilskapleg pasientforløp.
Me har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald. Her kan du lese meir om kva me verdsetter i arbeidsmiljøet her hos oss.
No søkjer etter ein ny kollega med autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar til 100 % fast stilling.
For fleire karrieremoglegheiter sjå www.tysnes.kommune.no/ledigestillingar
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane.
- Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar.
- Miljøarbeid og observasjon av ADL-ferdigheiter.
- Lage og følgje opp pleieplanar og prosedyrar.
- Deltaking i gruppemøter, dagleg rapportering og ulike fagmøter.
- Rettleiing av personalet og tverrfagleg samarbeid.
- Pårørandesamarbeid.
- Dokumentasjon i CosDoc.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er eit ønskje.
- Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste.
- Gode grunnleggjande datakunnskap.
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Du ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar.
- Du brenn for faget, tek ansvar og arbeider målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
- Du er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
- Du har pågangsmot, har løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100 %.
- Turnusarbeid, dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.
- Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
- Løn etter kvalifikasjoner.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
- Høve for flyttegodtgjerdsel ved fast tilsetjing.
- Ein arbeidsplass som har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, 951 76 846, helga.n.boland@tysnes.kommune.noKristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg, 900 41 561
Arbeidssted
Tysnes omsorgssenter5685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Tysnes kommuneReferansenr.: 4732697772
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2023
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tysnes omsorgssenter, 5685 Uggdal
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 329439094
- Sist endret
- 20. nov. 2023 12:35