Sjukepleiar - 100% fast stilling
- Arbeidsgiver
- Ortopedisk sengepost LSH, Helse Førde
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 05.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har frå 15.01.2024 ledig 100% fast stilling for sjukepleiar ved Ortopedisk sengepost, Lærdal sjukehus.
Ortopedisk sengepost er ein spennande arbeidsplass med høgt fagleg nivå, der det hovudsakleg blir utført planlagte ortopediske operasjonar. Avdelinga er spesialisert på kne, hofte og skulderkirurgi med særskilt kompetanse på innsetting av leddproteser. Stillinga inngår i sengeposten sin årsarbeidsplan med 3-delt turnus.
For meir informasjon om Helse Førde sjå her: Helse Førde.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til ortopediske pasientar, pre- og postoperativt
- Samarbeide i team med legar og fysioterapeutar
- Rettleiing av studentar i praksis
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.
- Erfaring frå arbeid med ortopediske pasientar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåver
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons-og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- 4 veker fellesferie om sommaren
- Hjelp til bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anja Myklemyr, Einingsleiar Ortopedisk sengepost, LSH, (+47) 576 40 181Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4734457557
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2023
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 329427686
- Sist endret
- 20. nov. 2023 11:20