Sykepleier / Sosionom vikariat

Arbeidsgiver
TSB poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Sykepleier / Sosionom vikariat
Frist
05.12.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du bli vår nye kollega i TSB poliklinikk?

TSB poliklinikk (Ruspoliklinikken) er ein tverrfagleg sammensatt poliklinikk med lege, psykologspesialist, sosionomar og spesialsjukepleiarar. Vi er lokalisert på Haugaland DPS Karmøy.

Vi tilbyr utgreiing og behandling av personar med psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit frå 16 år og opp. Arbeidet inneber individuell utgreiing og behandling i våre lokalitetar, samt ambulerande konsultasjonar ut i omliggande kommunar. I tillegg har vi pårørandearbeid, målretta og langvarig samarbeid med kommunale instansar og andre deler av spesialisthelsetenesta. Vi har også eit FACT Rus team som starta opp hausten 2021. I tillegg har vi også ansvar for utdeling av LAR medisiner til LAR pasientane i Karmøy. Vi har egne tilsette som håndterar LAR utdeling pr nå.
Det er ein sjukepleiar/sosionom stilling i poliklinikken, og er pr nå ein behandlarstilling. Stillingen er 100 % vikariat i perioden 01.12.23-31.08.24, med for tida dagtid og 37,5 timers arbeidsveke. 

Det må påbereknas arbeid ved Haugaland DPS sine lokalitetar, i hovudsak Karmøy pr nå. 



Arbeidsoppgåver

  • Utrede og søke inn pasientar til relevant institusjonsbehandling
  • Behandlaransvar for pasientar med TSB rettigheter og som er i LAR behandling
  • Eksternt og internt samarbeid for ei heilskapeleg tilnærming til psykiske, somatiske og sosiale forhold
  • Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
  • Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar
  • Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, rettleiarar m.m.
  • Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon / Bachleor i sosialt arbeid
  • Det er ønskeleg med relevant vidareutdanning, men det er ikkje eit krav
  • Personleg eignethet vil bli tillagt stor vekt
  • Erfaring frå arbeid med rus / psykisk helse er ønskeleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Førarkort for bil er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • God evne til samarbeid, både internt i helseforetak og eksternt mot kommunar
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Evne til å stå i krevande situasjonar
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Strukturert
  • Evne til ryddig og god dokumentasjon
  • God IT-kunnskap
  • Evne til å sette seg inn i og jobbe etter poliklinikken sine rutinar og praksis
  • Fleksibel, pragmatisk og løysningsorientert
  • Evne til å ta eit kollektivt ansvar i poliklinikken for å løyse våre felles utfordringar

Vi tilbyr

  • Rettleiing
  • Lønn etter gjeldande avtalar
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

June Thorland, Funksjonsleder TSB poliklinikk, +47 91586623

Arbeidsstad

Asaldalvegen 1

4250 Kopervik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4734423924

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 05.12.2023


Sektor
Offentlig
Sted
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
329425537
Sist endret
20. nov. 2023 11:05