Spesialpedagog 100% fast – Ågotnes skule
- Arbeidsgiver
- à  ygarden kommune à  gotnes skule
- Frist
- 04.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ågotnes skule er ein middels stor barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag ein halv times køyretur frå Bergen. Ågotnes-området har tilflytting av folk og elevtalet er stabilt/svakt aukande. Skulen stod ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006. Fram til skuleåret 2010/2011 var skulen ein kombinert barne- og ungdomsskule, men er i dag ein rein barneskule.
Visjonen vår: «Ein god stad å vere, ein god stad å lære». Vi er oppteken av at skulen har eit inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER!! skule og tek del i programmet «Barneskulen som samfunnsbyggar»
Arbeidsoppgåver:- Spesialundervisning og oppfølging av elevar med særskilte behov
- Deltaking i skulen sitt ressursteam
- Bidra til eit lærande fellesskap med elevane og med personalet.
Må ha:
- Utdanning som er godkjend for fast tilsetjing i skulen frå 1.-7.trinn.
- Formell spesialpedagogisk kompetanse
- Gode digitale ferdigheiter
- God framstillingsevne munnleg og skriftleg
- At ein har erfaring frå spesialpedagogisk undervisning i skulen
- At ein har kompetanse i eitt eller fleire undervisningsfag på barnetrinnet
- At ein har interesse for å bidra til og vere med og utvikle skulen si heilskaplege spesialpedagogiske strategi.
Personlege eigenskapar:
- Du liker å arbeide på eit lag. Du er ein god lagspelar og bidreg til å gjere laget best mogleg.
- Du er tydeleg og trygg i møte med elevar med spesialpedagogiske tiltak.
- Du har kompetanse om korleis ein arbeider for å skape gode relasjonar til dei ein samhandlar med uavhengig av deira funksjonsnivå.
- Du er engasjert i korleis ein kan skape eit god læringsmiljø, der både elevar og kollegaer lærer og utviklar seg.
- Du er positiv og samstundes lojal mot felles avgjersler.
Anna: Ledig frå 29.01.2024
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Tore Foldnes
Rektor Ågotnes skule
Telefon: 55097804 eller 47235162
Magne Abelsen
Avdelingsleiar Ågotnes skule
Telefon: 55097803 eller 41206160
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- à  ygarden rà ¥dhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 329419197
- Sist endret
- 20. nov. 2023 11:50