Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Nevrologisk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
- Frist
- 11.12.2023
Beskrivelse
Vi søker etter ein sjukepleiar som ønsker ein spanande, givande og variert arbeidskvardag!
Trivst du med pasientretta arbeid, kan du jobbe sjølvstendig og i team, har du ei positiv innstilling til arbeidet og er fleksibel, då håper vi at du søker.
Har du vidareutdanning innan Nevrosjukepleie, geriatri eller anna relevant videreutdanning, så ønsker vi at du søker.
Nevrologisk avdeling, Molde sjukehus, har ledig eit vikariat i tredelt turnus, for deg som er ein dyktig og engasjert sjukepleiar/spesialsjukepleiar.
Ved interne omrokeringer kan andre stillingar verte ledige.
Det vert lagt vekt på at søkjar har faglege ambisjonar, liker å jobbe med den nevrologiske pasienten, og vil vere med på å videreutvikle fagområdet vårt.
Nevrologisk sengepost har 18 senger, med nevrologiske og slagpasientar. Her kjem pasientane inn som ø-hjelp eller elektivt/planlagt. Seksjonen omfattar sengepost, dagbehandling og poliklinikk. Vi har Klinisk Nevrofysiologisk Laboratorium, og spesialsjukepleiarar innan fleire av fagområda. Det skjer spennande forsking på fleire av fagområda.
Vi ber om at attestar og dokumentasjon på utdanning blir scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar på sengepost
- Legemiddelhandtering
- Stell og pleie
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med, og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
- Rettleiing til studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan nevrosjukepleie, geriatri eller annan relevant videreutdanning kan bli prioritert
- Må beherske norsk skriftlig og muntlig
Personlege eigenskapar
- Du må ønskje å jobbe med den nevrologiske pasienten
- Ha gode samarbeidseigenskaper; jobbe i team, men også sjølvstendig
- Vere positivt innstilt, ta initiativ
- Vere ansvarsfull, påliteleg, fleksibel, løysingsorientert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskaper blir vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 941 32084Arbeidsstad
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4707791375
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 29.09.2024
Søknadsfrist: 11.12.2023
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Parkvegen 84, 6412 Molde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 329417401
- Sist endret
- 20. nov. 2023 10:05